Bygdahistorie frå Gjeilosstronde

Sygard Gjeilo fotografert i 1928, Skjåk historielag.

Ola Franson Gjeilo, f. 29/9 1891, voks opp på Søre Gjeilo, den synste garden uttafor vegen på Gjeilosstrond. Ola var del tå ein stor syskjenflokk på åtte ungar. Ola var den eldste, fødd i september 1891. Foreldre var Embjørg Amundsdatter Amundssted og Frants Olsson Gjeilo frå Storkjørren.

På Sygard Gjeilo, rett nordafor Søre Gjeilo, budde det ein familie som var barnelause. Dette var Gregorius Rolvson og kona Torø Persdatter Vaagaasarøygard. Desse var på leit etter nokon til å føre gardsarven vidare. På Vaagaasar i Lom budde det ei jente som heitte Synne Vaagaasar, fødd i 1893. Foreldra hennar var Jon Rolvson Gjeilo Vaagaasar og Julie Halvorsdotter Engum. Jon var bror til Gregorius på Sygard og hadde vokse opp der. Etter fleire forsøk på hospitering av gutar frå familien på Vaagaasar, vart Synne plassert hjå onkelen sin på Sygard. I folketeljinga i 1900 var Synne Johnsdatter Vaagesar oppført som pleiedatter på Sygard Gjeilo. Da var ho berre sju år gamal.

På Gjeiloshågå ovafor Nygarden budde det ein familie med i alt ni barn. Maria, som var fødd i 1895, var nr. seks i rekkja. Fyry ho hadde det kome fem jenter på rekkje og rad. Tre av desse reiste seinare til Canada og levde heiler sine vaksne liv der. Thea Haugtrædet Rundhaugen var ei av desse. Thea i Lom var oppkalla etter henne. Det er forøvrig ei stor etterslekt etter desse tre jentene som reiste til Amerika i dag. Foreldra til Maria var Ola Biløygard, antakele frå Høgbrenna i Lia og Anne Molykkjun, au frå Lom. Denne familien budde da på Gjeiloshågå ovafor Nygarden og fløtte seinare til Haugtrædet ovafor Sygard Gjeilo og starta sikkert å bruke Haugtrædet-etternamnet da.

Ola Franson Gjeilo frå Søpå Gjeilo og Synne, som var adoptert frå Vaagaasar åt onkeln sin på Sygard Gjeilo, gifta seg den 2. mai i 1912. Synne var da 19 år og Ola 21. Synne hadde odelen på Sygard og dei to tok etter kvart over drifta av garden. Fem barn vart det på desse. Fyrstefødde Embjørg kom til verda i 1913 og så fulgte Torø, Julianna, Gregor og Frans, som var fødd i 1923.

Ein dag tidleg på året i 1915 dukkar det så opp ein kar på Gjeilosstronde som heitte John Øyjordet. John/Jo var fødd i 1891 og var da altså 24 år gamal. Etter notat som han hadde gjort sjølv, hadde han teke seg teneste hjå Frants Gjeilo i eitt år og arbeidde sommaren 1915 på det som da måtte vere Søpå Gjeilo hjå far til Ola Frantson.

I notatboka si skreiv Jo: «tok meg tenest hjaa Frants Gjeilo på eit aar, men so skulde eg vere i ein maanad um sumaren for det skulde eg hava 280 kroner. Eg gjek av tenesta den 20de Juli. Etter det skulde eg vera fri til den 20 August. Så byrja eg og arbeide hjaa Frants att den 27 Juli. Eg arbeidde 5 dagar av Juli og 16 dagar av August. Dert vert 21 Arbeidsdagar.»

Jo var truleg fødd på Sygardsplass i Bråtå, men voks opp oppi Medalen i Lom. Mor has var Marit Sygardsplassen frå Bråtå og faren var Ola Jonsson frå Imbertsgjerdet i Lia. Jo fekk ein vanskeleg barndom. Faren Ola gjekk bort på tragisk vis da Jo var berre fem år gamal og Jo vart fløtt mellom fleire heimar, til det som i dag blir kalla fosterheimar. Jo hadde det slett ikkje godt i oppveksten. Fyst var han på Gaupar, det vart gripi inn der og ferda for gutongen gjekk vidare fyrst til Krøkje og så til Øverbø.

Som 24-åring tok han seg arbeid på Gjeilosstrond utan at det er klart på kva for måte han havna der. Det enda i allfall med giftarmål med Maria i 1916.

Maria hadde da fløtt, saman med resten av familien, frå Gjeiloshågå til Haugtrædet, nokre hundre meter lengre sørover eller austover på Gjeilosstronde. Den 5. desember 1916 kom fyrstefødde Ola til verda. Da hadde paret fløtt åt Turrmoen på Dalom i Skjåk der også Oddmund og Magnar kom til verda. Seinare fløtte familien til Maria og Jo til Fyrun i Garmo og så til Graffershaugen i Vårdalen, der til slutt Thea kom til verda den 9. mai 1935 i syskjenflokken på ti.

Thea og Frans gifta seg på Lillehammer tidleg på hausten 1958.

Ola G. 6/3 2026