Minne frå barndomsåra i Graffershaugen

Av Anna Teigen skrive til slektsstevne 28. august 1993.

Knut Teigen, Tea og Anna på tur.

Det var  for lenge sidan to. Jenta heitte Maria og guten Jo. Dei tykte godt om ein an  –  folk gjer det dann og vann. Så dei slo sine pjaltar saman og starta sitt liv i unge år. Åt Turmoen på Dalom dei fløtte ein vår. Tre gutar der til verda kom, men så ein dag dei fløtte åt Lom. Til Fyru ved Moabrua ferda gjekk, og der dei ei lita (Anna)jente fekk. Graffershaugen vart neste stoppestad, der var det meir dyrkingsjord og bale med. Dei slo seg til ro der, det vart heimen vår.  Der sleit dei og streva år etter år. Barneflokken auka, til slutt var oss ti, nei, det var ikkje stussleg, det kan ein trygt si!

Ola var eldstemann, du var ein hendog kar. Og minnes du Ola på låven vi var om somrane. Vi fløtte sengene våre dit da, det var svalt og godt å sova må vite. Og du springleika hulla, medan bekken oss sulla blidt i søvn.

Oddmund var så god ei hjelp for ho mor, du var for dei små så snill ein storebror. På golvet du rulla deg, med småungan tulla seg omkring deg, og da var dei blide, men for strevame tide.

Magnar og eg var kameratar vi, men han måtte nok stunom kjøpe seg fri. Når Rolv og han skulle på langtur dra til Smørgrovberga og slikt – for da kunne ikkje ein jentuge til røvatopp ha. I gutelommer finst både ditt og datt, så eg fekk da betaling fordi eg var att.

Du Reidar var ein god arbeispaur for far, men skøyerfant til tusen og prettlugum du var. Ho Jarnfrid du selde for 20 øre, for gamle Jakob bakstkjerring trong, men du angra deg visst med ein einaste gong. Bordkrakken la ud i klevadøre, og sette deg er, du trong ingen øre, du ville selja deg dyrt!

Trygve, så ljoshåra blid og nett. Ja godlynt var du rett og slett. Eg hugsa vel da oss krotstokk skulle laga. Hjertefemma vart borte og dei minste anklaga. Harmeleg var det og sinte oss vart. Oss største vart sintast, det var klart. Da sa han Trygve så longt og stille, oss lågå eit nytt, det er kje så ille. Der kjem vettet sa ho mor. Da vart det stille oss skamfulle vart.

Tvillingane kom, to jenter så nette. Janfrid og Målfrid dei med ein gong heitte. Janne, lita og vever – Målle robust og kraftig. Den første litt stille, en andre i replikkane meir saftig. Dei var kje så store, til Bråtå dei reiste. Skulle vera bånfost og det er kje det beste. Med mjølkebilen dei heimatt dro, på ei rampe i Bråtå panket deira sto. Og det var kje så greitt.

Ragnar du var nok kjeledegg åt alle. Det var Ragnar du heitte, men vart kalla Lalle. Når nokon sa «han Lalle er lei», så svara du sjølv «han Dalle er dei». Ja du var nett du!

Thea var den siste, 10 år var eg da. Eg passa godt på deg, den æra vil eg ha. Ho mor hadde da så mykje å gjera. Eg vart vaksen, dro burt for å tene. Ein dag fekk eg eit brev, og vart glad skal eg meine. Det er forsjett eg ikkje brevet har gøymt, men innhaldet i det har eg kje gløymt.

«Eg har lært å sykle eg no! Eg sykla på bue og henta eit sildspann, på tur heim att eg rulla og silda ho trilla utover og laken i grusen rann. Og så har oss måla golvet heime no, og brent opp ein sekk med fillesko.»

Ja dette var oss ti som voks opp saman, i leitt og løgje – både sut og gaman. Og eg skal prøve så godt eg vinn, å fortelje dei yngste litt frå «di tin». Vår og sommar var likast da som nå, det var så mykje å finne på.

Vårvatnet som rann i strie bekker, og oss sprang berrføtt på turre berrflekker. Vi leita op att leikarhuse oss bygde i fjor, og fann fioler og gav dei til mor. Oss gjette sauom, spikka fløyte og piste, men plukke småstein tå åkrom var det verste oss visste.

Kårå røytball, kaste på stikke og kil, og burti drågen oss køyrde på heimlaga trebil. Gjekk med kyrne, og lykkerosbjølla klunka, oss fann jordbær i bakkom når heimatt oss lunka. Nokre sette oss på strå, dei måttevel au få nokre dei små.

Halvardammen, eit kapittel for seg, der hadde oss det jammen triveleg. Det er berre ei gryte i berget ved elva som det samla seg vatn i, men det var lunke og godt å lage seg i.

Ursjønna lokka og drog, gutungane prøvde å ro der i eit gammalt purketrog. Oss såg på myrlappauser som pila omkring, å oss vassa i gjørma gjorde ingen ting.

Åt blåbærdalom oss gjekk og fann, fine blåbær, ja ofte fulle spann. Niste oss fekk med oss, kaku med smør på. Og ho mor strødde gjerne litt sukker oppå. Så klemde oss sund blåbær og på skiva la, oss tykkte iallfall det var godt da.

Gutane fiska dei visste godt kva slags ver som helst skulle til både her og der. Vart det moe og godt og mildt reneslet, da var det i Vulu det var fiskebet. Sol og vind var visst Smådalsver, da ver det at fisken beit best der.

Ettersom oss vart større måtte oss hjelpe til, i slått og skur og potetgrevste. Når tytingen raud på tuva stod, da saman med far til skogs oss dro. Plukka spannet fullt og tømte i sekk, far fann ein lugum plass ved ein bekk. Oss kokte kaffe og åt nista vår der, det var trivelege turar i lagleg ver. Men rett når kaldeskodde og regnyr hekk langt nedi høom, da var det kje fritt for at oss vart kalde på kløom. Og tårer i augo på nokon kvar. «Nei, kom oss tek oss ein brunsukkerbeta, og rusla over åt Meadale kan døkk veta. Der er oss kjende, og der slepp sole te kan hende».

Dykk vil vel undrast kvifor oss slikt heldt på, men det spørst kje om å vilja når ein må. Skulen skulle til att, og klede måtte oss hå.

Julekvelden stunda oss på slik ungane gjer det nå. Men det var ikkje mange gaver og vente på. Lell var det høgtid, stugu vaska og fjelga. Alle var lauga og ombytt til helga. Juleveden var lådå i fine la, kornband ved låvdøra fuglane skulle ha. Treet var pynta, ljosa tende oss song alle julesangane oss kjende. Mor kokte gryngraut i nytt forkle, oss tykkte ho var so fin, og far fann fram posen med appelsin.

Han far og gutane i skogen sleit. Gutane dreiv på dei, men døkk veit dei hadde kje krefter dei var for unge. Og stokkane dei var å forargeleg tonge. Så tyngste lyfta dei fell nok på han far. Korleis han heldt ut? Eg har ikkje svar.