Gjeiloshagen / Gjeiloshågån

Gjeilosstronda sør for riksvegen midt på 1950-talet Postkort. Midt på biletet fremst er huset til Ola Rudsar (f. 1914) og t.h. Nils Moen (f. Aurmoen 1890) sitt. Oppe i bakken ligg huset til Syverine Melby (f. Gjeilo 1868) og i høgre biletkant Maurstadhaugen øvst og Torø-stugu (Gjeiloshagen) nedanfor. DM

Utsnitt av postkort som viser Gjeiloshagen midt på 1950-talet.

Maria Olsd. Haugtredet var fødd på Gjeiloshagen på Gjeilosstronde den 20/9 1895.  I folketeljinga frå 1900 står det at Maria budde på Haugtrædet litt lengre aust på Gjeilosstrond saman med foreldra Ola og Anne og syskjena Anne, Julie, Tea og Lars. Familien fløtte da frå Gjeiloshagen til Haugtrædet før 1900 og tok da sikkert etternamnet da. Det er ikkje kjelder på kva for etternamn familien nytta før flyttinga til Haugtredet og det er heller ikkje kjendt kvifor familien flytte.

Gjeiloshagen ligg oppi skråninga ogafor Nygarden og har vore bebudd i alle fall frå før 1800. I ætteboka for Skjåk står det at Hans Kristensen Gjeiloshagen og kona Anne budde der saman med sonen Kristen f. 1795. På oppslag ved det som er att av stugu på Gjeiloshagen pr. 2026 står det: Marit Elvesæter født Gjeiloshågå 1817 – 1901 Gift med Rasmus Amundsen Elvesæter 1798-1867   «Gamlebestemor» Marit Elvesæter stammor til blant andre Fel-Jakup og Elvesæter-ætta i Bøverdalen.
Det går ikkje fram av ættebok for Skjåk at Marit var fødd på Gjeiloshagen 1917.

Gjeiloshagen slik det såg ut da Anne og Ola Haugtrædet budde der. Dette bildet er frå før 1910. F.v.: Rolv O. Gjeilo (f. 1879), Rasmus Englund (f. Bakken ca. 1816), Ola Bakken (f. 1827), Sylfest Maurstad (f. 1841), Torø Maurstad (f. Gjeilo 1842). Torø var syster til kona til Ola Bakken, som budde her både i 1900 og 1910 ifg. folketellingane. Rolv O. Gjeilo var son av Ola Bakken og Rasmus Englund var bror til Ola. Digitalmuseum.

Foto frå Gjeiloshagen april 2026