Minneside Marianne Øyjordet

27. september 1950 – 25. juli 1957

Marianne Øyjordet vart berre seks år gamal. Ho var einaste barnet til Alma og Magnar Øyjordet. Familien budde i 1957 i andre etasje på Otta Stasjon. Magnar var ekspeditør for OKB og Alma arbeidde i Gjendebu om sommaren. Marianne var med Alma, mykje for å kome bort frå den store trafikken rundt stasjonen på Otta. Magnar var også ofte i Gjendebu i helgene og sommarferiane. Marianne omkom ved ei ulykke ved Gjende torsdag den 25. juli 1957.

Mange av bildene av Marianne er tekne i Prestgarden i Lom. Etter at Knut Flatmo og familien hadde forpakta Prestgarden i mange år, fløtte dei til Arneberg. Trygve tok da over i Prestgarden. Maria og Jo hadde på den tida ikkje oppnådd alderspensjon og arbeidde for Trygve for kosten og greide seg på den måten. Knut og Anna hadde da overteke i Graffershaugen. Marianne var nok mykje på besøk i Prestgarden på den tida, saman med mange andre frå slekta.

Jac Brun, fotograferte mykje i Gjendebu julidagane i 1957. På dette bildet står Marianne og Magnar til venstre på bryggja og fylgjer med på trafikken.
Bilde frå bryggja i Gjendebu forstørra. Fotografert av Jac Brun.
Magnar i midten frå Gjendebu juli 1957, berre veker før Marianne omkom i ei ulykke ved Gjende. Det er Kjell Nyøygard som har delt dette bildet på Svunnen tid i Lom. Frå venstre er Ottar Veslestova, Jo Nyøygard, Magnar Øyjordet, Einar Rusten? og Christian Vole. Det er Christian som har namngjeve personane på den same facebookposten og også tidfesta at dette bildet vart teke like før Marianne omkom.
Oppslag i Gudbrandsdølen laurdag 27. juli 1957. Marianne gjekk bort ein torsdag den 25. juli.
Marianne sy Vårdale. Bjørn har bildet som er «datafarga».
Maria, Marianne, Jon og Bjørn. Bjørn har bildet.
Maria, Joar, Jon, Bjørn og Marianne. Maria E. har bildet.
Joar, Kjell og Marianne i Prestgarden.
Marianne i Prestgarden i Lom. Bildet er etter bestemor Maria.
Tea sigrun marianne
Tea med Kjell på armen og Marianne Øyjordet i Prestgarden. Det kan vere at dette bildet er teke same sommaren som Marianne omkom ved Gjendebu i 1957 eller mest sansynleg sommaren før. Fotoalbum etter Anna Teigen
Marianne
Marianne Øyjordet i Prestgarden ca 1956/57. Fotoalbum Anna Teigen.
Marianne.
Marianne.
Fat og bolle som Tea og Frans fekk frå Alma og Magnar med inngraving på undersida.
Fat og bolle som Tea og Frans fekk frå Alma og Magnar med inngraving på undersida.
Tea sigrun marianne
Fotoalbum etter Anna Teigen.
Maria og Marianne, dotter til Alma og Magnar, i Prestgarden.
Maria og Marianne, dotter til Alma og Magnar, i Prestgarden.
Salmar ved gravferda til Marianne M. Øyjordet.
Magnar i ungdomen. Bilde etter bestemor Maria via Jorunn L.
Tea til venstre saman med Alma Øyjordet, Maria og Jo. Borna er Bjørn, Maria, Margot og Jon Øyjordet, borna til Ola. Ved stugu i Graffershaugen rundt 1950.

Magnar, f. 15. sep 1922, g med Alma Djuvstad, f 7. mars 1928
Born: Marianne f. 1950 d. 1957. Marianne gjekk bort som sjuåring i drukningsulykke i Gjendebu.

Syskjenflokken:
1. Ola,  f. 5/12 1916, d. 13/9 2002 gift med Magnhild Brenna, f. 27. juni 1919. (foto digitalmuseum.no)
2. Oddmund,  f. 20/10 1919, d. 5/7 1996, gift med Selma Vole, f. 17. juli 1919. (foto digitalmuseum.no) (foto digitalmuseum.no)
3. Magnar, f. 15/9 1922, d. 17/8 1997, gift med Alma Juvstad, f, 7/3 1928.
4. Anna,  f. 22/7 1925, gift med Knut Teigen, f. 27/12 1924. (foto digitalmuseum.no)
5. Reidar, f 15/3 1927, d. 25/2 2017, gift med Rønnaug Sveinhaug, f. 6/7 1927. (foto digitalmuseum.no)
6. Trygve, f. 12/8 1928, d. 26/12 1996, gift med Signe Sveinhaug, f. 15/12 1932.
7. Jarnfrid, f. 3/8 1930, d. 16/1 2022, gift med Magne Glimsdal, f. 14/3 1927.
8. Målfrid, f. 3/8 1930, d. 8/2 2018 gift med Kristen Fyrun, f. 13/4 1931.
9. Ragnar, f. 18/3 1932, gift med Julie Flatmo, f. 24/6 1936.
10. Thea f. 9/5 1935, gift med Frans Gjeilo, f. 30/9 1923.