Anne Moløkken (Molykkjun)

F. 9/4 1864  D. 12/4 1944
Gift med Ola Jakobsen Jakobsson Biløygard Haugtrædet
Mor: Maria Olsdotter Kollakjørren (Anne Marie) f. 20/9 1838 Geni
Far: Torstein Moløkken (Molykkjun)

Ola Jakobsson og Anne Tostensdotter er i fylgje bygdaboka bind 1 side 319 nemnde som husmannsfolk i Hovtye i 1888.  Da var Anne 24 år og Ola 30 år.  Hovtye låg oppi bakken synnafor jordet i Bjørkli. Det skal ha vore to plassar oppi bakkken der, Hovtye og Klypa.

Kring 1890 er familien nemnde i bygdaboka bind 1 side 198 som bebuarar på Gaukstadtrædet ved Furuheim i Lia: Ola Jakobsson f. 1858 i Biløygarden gnr. 10-2 d. 1856. Gift 1882 med Anne Tostensdotter f. 1864 i Molykkja gnr. 16-9 d. 1944. Dei budde i Nedre Runningi gnr.  15-7, Fyrustugu gnr 17-1 og Hovtyi gnr. 15-17, og er nemnde her i 1890. ….  Familien flytte til Geiloshågå og Haugtredet i Skjåk, der dei var husm. folk frå 1896. 

Reidar Øyjordet skreiv i ein samanheng dette om Hovtye:
Eg har i lang tid tenkt på dette med husmannsplassen Hovtyen, der bestemor Haugtrædet var fødd. Det ser kanskje noko rart ut å trekkje fram akkurat dette. Grunnen er enkel. På dei stadene der dei andre besteforeldra våre var fødde står det hus, men dei er mykje forandra frå deira tid. I Hovtyen fann eg åtte større eller mindre tufter bortgøymt i einekjerr, oderkratt og villbring. Korleis husa her såg ut er det ingen som veit. Teikninga er etter synfaring laga av Dagny Dalen. Eg tykkjer det er både pent og godt gjort. Helsing Reidar. 

Hovtyen, der Anne Tostensdotter og Ola Jakobsson er nemnde som husmannsfolk i 1888. Illustrasjon av Dagny Dalen etter synfaring.

Ola og Anne kom fra Lom i fylgje folketellinga for Skjåk i 1900.  Familien budde ovafor Nygarden i Skjåk (Gjeiloshagen) da Maria vart fødd i 1895. Seinare (før 1900) fløtte dei til Haugtrædet ova for Sygard Gjeilo der Ola og Anne budde heilt til dei kom på gamleheimen. På Haugtrædet er det spor etter huset og det er sagt at Julie, som reiste til Amerika, ein gong var heime på Haugtrædet og tok med seg stein frå muren heim til Amerika.

I folketeljinga i 1900 står det at Ola, Anne, Anne, Julie, Tea, Marit og Lars budde der. Det var «utsæd kort og potet / kreaturer: Fjørkre. Haugtrædet er ikkje nemnd i folketeljinga i 1875.

Syskjenflokken:
Rønnaug Olsdotter Marlostrædet f. 1883 g.m. Edvard Johannesson
Anna Ols. Olson f. 1885 g.m.  Lars Ols. Olson Rundhaugen f. 1880
Anne Olsdotter Soglo f. 1888 g.m. Jon Jonsson Soglo
Julie Olson Hoover f. 1890, g.m. Meno Arthur Hoover f. 1887
Thea Olson Rundhaugen f. 1893 g.m. Thor Rundhaugen f. 1889
Marlostrædet (Mallaugstrædet) f. 1884   (sjå bilde av Rønnaug på DM)
Maria f. 1895 g.m. Jo(n) Øyjordet f. 1891
Lars Haugtrædet f. 1898 g.m. Kari Alma Rolvsdotter Børrestuen f. 1924
Torbjørn GENI f. 1901 g.m. Marit Eriksdotter Brekk f. 1905
Jo(n) Haugtrædet f. 1905 g.m. Marit Persdotter f. 1912 (sjå bilde av Jo DM    Sjå oppslag om Jo i Fjuken
Ei jente til som dø som lita?

Bygdahistorie frå Gjeilosstronde
Gjeiloshagen
Om søstrene til Maria som budde i Canada

Sjå slektstre med syskjen til Maria på Myherritage.

HAUGTRED
Anne Moløkken (Molykkjun) og Ola Jakobsen Biløygard Haugtrædet Gjeiloshagen i Skjåk – på haugen ogafor vegen mellom Sygard og Nygard.