Frå husmannsplass i Medalen til home-stead i North Dakota

Svært mange av Aud sine forfedrar reiste til Amerika rundt århundreskiftet. Mange av desse reiste til Nord Dakota og Adler Township. Som ein del av årsrapporten for Lom og Skjåk sparebank for 2004 har Ola sett søkeljoset på denne utvandringa. Det var nemmeleg ikkje berre slektningane til Aud som reiste frå Medalen til Adler/Nelson County i ND.

Vil du sjå heile oppslaget kan du laste ned pdf her.

Svært mange av ottadølane som emigrerte busette seg i område der det budde andre ottadølar. Her kjem ei historie om korleis eit ottadals-dominert område har utvikla seg frå den fyrste busetjinga og fram til i dag.

Som vi har vore inne på tidlegare i denne temadelen, var det fleire som emigrerte til Amerika frå Lom enn frå dei andre ottadalsbygdene. Den omfattande utvandringa av husmenn frå Medalen og Bøverdalen til Nord-Dakota var heilt sikkert med på å påverke denne statistikken.

Dersom vi går gjennom listene over utvandra personar frå Lom frå 1854 og fram til folkevandringa avtok rundt 1920, finn vi svært mange namn frå Medalen og Bøverdalen. I åra 1857-1860 reiste 98 personar til Amerika. 79 av desse var medølar eller bøverdølar. Berre i 1866 reiste heile 133 lomværar til Amerika. Om lag halvparten av desse hadde bøverdalsnamn. Det same galdt i 1880. Av 144 som reiste, var 62 medølar og bøverdølar. Eit anna ?toppår? var 1903, da halvparten av dei 121 som reiste frå Lom, var bøverdølar. Det er registrert i alt 91 husmannsplassar frå Lom sentrum og opp til Mundhjeldsbrua øvst i Bøverdalen. Dei aller fleste av desse budde det folk på rundt midten av 1800-talet. Seinare fann mange herifrå vegen til Amerika og Nord-Dakota.

Gratis præriejord
Det var særleg lovnaden om gratis præriejord som freista, og det kom rapportar attende om farmar så store som heile grender i heimbygda. Store gardar her vart berre småbruk i Amerika. Der var det berre å setje plogen i jorda. Den steinen som fanst, var liten, og ikkje var det nødvendig å gjødsle jorda. Der var det ingen standsskilnader på folk, og kvar enkelt vart vurdert etter det dei dugde til. Jenter var kanskje komne ?i ulykka? her heime og reiste på grunn av det. Heile slekter vart vanrykta. Der borte var alle like og frie.

Adler Township
I Nord-Dakota utvikla det seg i eit område ein koloni med bøverdølar, som etablerte seg med eigne farmar – Adler Township i Nelson County. Her var det fleire titals, store farmar som var eigd av og hadde namn etter folk som hadde reist frå husmannsplassar i Medalen i Bøver-dalen. Vi veit ikkje korleis og korfor dei fann fram til akkurat dette området i Nord-Dakota. Dei fyrste kom hit så tidleg som på 1850-talet. Liknande koloniar var det mange av rundt om kring i Amerika der dei fyrste pionerane slo seg ned og utforska området midt på 1800-talet for så å få etter fleire og fleire frå heimstaden i Noreg.

The Homestead Act (1862) gjorde det mogleg for alle å få tildelt areal. Dei måtte da bu på området i fem år og få bygt eit hus. 10 acres eller vel 40 mål skulle dyrkast opp. Seinare fekk setlarane lov til å ta enda 80 acres ved å plante tre på minst 10 av desse. Til saman kunne dermed kvar farm bli på 90 acres eller ca 320 mål. Rundt århundreskiftet var det framleis rikeleg med såkalla State Land i Adler Township. Men etter kvart vart alt arealet disponert – enten til farming eller til offentleg bruk som kyrkjer og skular.

Præriejord som bygningsmateriale
Tømmeret var svært dyrt da dei fyrste tok homestead i Nord-Dakota. Den jomfruelege præriejorda fungerte som byggemateriale. Rundt ?huset? vart det pløgt opp. Torva vart brukt som bygningsmateriale. Området som vart pløgt opp fungerete som vern mot dei mange præriebrannane som herja området. Vintrane kan ofte vere harde og kalde og var sikkert vanskelege å kome gjennom. Somrane kunne vere tørre og avlingane så som så. Særleg var 1920-åra vanskelege med ekstremt lite nedbør og mykje vind. I tillegg gjorde grashoppesvermar stor skade. Svermane var så enorme at dei heilt dekte for sola når dei invaderte området. Farmarane fekk lite for produkta sine samtidig som prisane på forbruks-varene og skattane gjekk opp. Mange måtte gje opp farminga desse åra. Ikkje før mot slutten av 1930-åra kom vendepunktet med nye og meir tilpassa kornsortar, betre dyrkingsteknikkar og meir moderne motorisert utstyr.

Møllene og jernbana var livsnervene
Jernbana var ein livsnerve gjennom området og dei små landsbyane i området var bygde opp rundt møllene ? ?the elevators? der kornet vart levert. ?Byane? McVille, Petersburg, Niagra, Aneta, Kloten, Pekin, Hamar og Tolna, som alle hadde berre nokre få hundre innbyggjarar, var møtestadar og handelssentra.
I butikkar, barar og på mølla var det mange nordmenn som arbeidde, og samtalene gjekk også her på gamlespråket. Når ein fyrst hadde kome fram til Adler Township, fanst det med andre ord ingen språkbarrierar. På den måten var reisa til det ukjende kanskje ikkje eit så stort steg å ta likevel.

Bøverdalsslekt i Adler
Vi har forsøkt å laga ei oversikt over alle dei slektene frå Lom og særleg Medalen/Bøverdalen som slo seg ned akkurat i Adler Township. Her har vi delvis fått hjelp frå kjentfolk, og delvis nytta oss av informasjon frå boka Nelson County History, bokverket som omtalar kvar enkelt familie i alle kommunane i Nelson County.

Mundhjeldsfarmane. Dei tre brørne Sever, Erik og Gabriel reiste alle frå Bøverdalen til Amerika rundt århundreskiftet og hadde kvar sin farm i Adler. Dei vart gift med kvar si syster frå Borgen. Sever g.m. Annie Borgen, Erik g.m. Lena Borgen og Gabriel g.m. Lizzie Borgen. Dotter til Sever og Annie, Sadie, vart gift med Ehler Reimers og tok seinare over. Dotter til Erik og Lena, Stella, vart gift med Norbert Mayer og tok over den farmen. Gabriel og Lizzie hadde ikkje barn.

Jacop Aasen reiste til Amerika så seint som i 1915. Etter å ha arbeidd både i Nord-Dakota og Canada i nesten 20 år, kjøpte han farmen av Ole Alfson. Denne farmen selde han til Louis og Mildred Larson i 1945. Etter å ha vore heime i stund, kjøpte han farmen til John P. Johnson, som han dreiv til han gjekk bort i 1970.

Kvammefarmen vart kjøpt og driven av Ola (Ole) Odegaar. Han fekk fleire søner, som alle opparbeidde sine eigen farmar eller leigde jord i Adler Township. Tom (Torstein) Kvamme reiste frå Lom i 1872 og arbeidde i Wisconsin i to år før han reiste vidare til Adler og fekk tildelt grunn. Der gifte han seg med Mary (Magnhild) Slaalien f. 1866, som hadde kome til Adler via Butterfield Minnesota.

Gilbert (Guttorm Lillehaugen) Larson hadde home-stead i Adler saman med kona si Kari (Carrie) Andersen. Denne farmen tok sonen Albert over. Denne farmen og farmen til broren Louis var nabofarmar.

Gilbertsenfarmane, som tvillingane Sever og Gilbert dreiv. Også to andre brør, Ralph og Otto, hadde kvar sin farm i Adler. Søstra Bertha var gift med Ole Odegaar på Kvammefarmen. Foreldra var Gudmund Odden Gilbertsen og Brit Steinteigen frå Runningom i Bøverdalen. Gudmund og Brit homesteada i Adler i 1893.

Per Repp (Pete Reep) reiste til Amerika i 1914 saman med syster Embjørg og kjøpte farmen sin av Nels Alfsen i 1929 (bror til Ole, som Jakop Aasen kjøpte farmen sin av). Per farma saman med bror sin i starten.

Pedersenfarmen var eigd av Andreas (Andrew) Tandestuen frå Medalen. Andreas var son til den kjende Per Spelmann. Pedersennamnet har sitt opphav frå han. Kona til Andreas var frå Borgen. Dei hadde tre søner: Palmer, Oscar og Meldvin.

Så var det Slekta til Aud….

Familien til Anders og Marit. Frå venstre: Anders, Ola, Rønnaug, Amund, Marit og Hans. Fotografert før 1904. Anders Kroken eig fotografiet. Eldsteson Jo (John) Aderson hadde da reist til Amerika. 


Jo (John) Anderse(o)n, som var son til Anders Johnsen og Marit Olsdatter Visvollen, flytte til Nord-Dakota i 1893. Familien budde på forskjellige husmannsplassar i Medalen (Engjom, Visvollen, Stigen, Søregard Øyjordet og Glømsdalsøya). Seinare reiste også tvillingane Embjørg/Emma og Marit/Mary og Kari til Amerika. Embjørg vart gift med Sevald Hanson som var fødd i Steine i Medalen. Sevald kjøpte farmen sin av Gilbert Gilbertson sr. og kona Kari Repp i 1912. Dei reiste attende til Norge i 1914. Marit var gift med Theodor Borgen og Kari gift med Gilbert (Guttorm) Larson. Yngstebror Ola var også i Amerika nokre år, men kom heim att i 1914.

Farmarar i Adler Township i 1954. Bak står Sevald Hanson, Ola Odegard, Hans Kroken (på vitjing hjå syster si, Embjørg), Marit Borgen, Kari Repp og Emma (Embjørg) Hanson. Fremst sit Jacob Aasen, Per Repp, Marit Borgen og Gudbrand Aamodt.

Borgafarmane var det fleire av. Lars Borgen f. 1845 og kona Sigrid (Vole) reiste fyrst til Wisconsin. Dei homesteada seinare i Adler i 1888. Dei hadde desse barna: Theodore g.m. Mary Anderson, Annie g.m. Sever Mundhjeld, Leva g.m. Erik Mundhjeld, Lizzie g.m. Gabriel Mundhjeld, Clara g.m. Tom Myhren og Leo. Dei fleste av desse vart buande i Adler Township. Gilbert Aamodt frå Bøverdalen f. 1889 arbeidde på forskjellige farmar i Adler Township.

Nils Alfson emigrerte til Adler tidleg på 1890-talet og tok homestead. Broren Ole budde det meste av livet saman med Nils.

Ole Christianson frå Lom kom i 1898 og farma saman med kona Rena Berg.

Anna Odden frå Bøverdalen f. 1875 gifta seg med dansken John Frandsen og kjøpte ?Ekrom-farmen? i 1913. Anna sydde klær på oppdrag. Sylfest og Tora Hagen og Gilberg Hagen kom frå Lom og tok homestead i 1889.

Marie Slaalien f. 1901 vart gift og bygde opp ein farm saman med Charley Johnson frå Larimore.

Anna Alfson frå Lom homesteada land i Adler tidleg på 90-talet. Anna var med på å stifte Lom Lutheran Church, og var den fyrste leiaren av Ladies Aid. Ho gifte seg med Andrew Lunden og flytte til farmen hans.

Louis Moen kom til Amerika alt som 13-åring saman med foreldra og brørne Ole, Thorsten og Tore og systrene Ingrid, Marit Gunda og Mamie. Etter å ha budd ei stund i Minnesota, reiste han vidare til Adler i 1896 og tok homestead. Der gifte han seg med Anna Severson.

Thorsten O. Moen var fødd i 1833. Han kom til New York i juni 1893 saman med kona Marit Borgen, og dei fekk i alt åtte barn. Dei gjorde krav på land i Adler i 1903.

Thorsten G. (Tom) Myhren f. 1884 var son til Gudbrand og Anna Myhren i Bøverdalen og kom til Adler i 1903. Clara Borgen, f. 1888 i Viroqua Wisconin, var dotter til Lars T. og Sigrid Borgen. Ho kom til Adler saman med foreldra sine og gifta seg med Tom Myhren i 1911.

Andrew Pederson emigrerte i i 1893 frå Lom og reiste til Adler via New York. Der fekk han tildelt land det same året. Seks år seinare gifta han seg med Marit Borgen, som kom til Amerika i 1896 saman med syster si. Erik og Sigvald Pederson og Olaus og Thor Haugen var alle brør av Andrew Pederson. Erik kom til Adler rundt 1900 og kjøpte farm nær Adler School nr. 3. Sigvald var bygningssnekker og budde mykje av livet i Adler.

Thorston og Ingrid Sonstnenes var truleg også frå Lom og kom til Adler i 1891.

Det sosiale liv i Adler
Kyrkja var sentral i kvardagen i Adler Township. I tillegg til gudstenestene var det eit omfattande organisasjonsliv med utgangspunkt i kyrkja. Lom Evangelical Lutheran Congregation vart stifta rundt 1900. Den fyrste Lom Lutheran Church vart bygd på farmen til Lars T. Borgen i 1900. Kyrkja vart seinare seld og flytt til Theodor Borgen som innhus, og ny Lom Church vart bygd på same staden i 1922. Denne kyrkja brann ned i 1949, og ei tredje kyrkje stod klar i 1953. Mange nordmenn som har vore over og besøkt slektningane sine i Amerika, har vorte mottatt og vist rundt i denne kyrkja. Mange norskætta har fått sin siste kvilestad på kyrkjegarden i Adler. Altartavla i denne kyrkja er måla av Svanhild Røhr frå Lom.

Lom Sunday School vart formelt stifta i 1939, men hadde aktivitetar heilt sidan rundt 1910.

Lom Ladies Aid vart starta så tidleg som i 1899, og hadde regelmessige møte med pengeinnsamling til velgjerande føremål som hovudaktivitet. Lom Ladies Aid vart seinare innlemma i Womens Missionary Federation og så til slutt i Lom American Lutheran Church Women. Dei norske damene i Adler var sentrale i arbeidet her.

P.A.N Homemakers Club samla kvinner som arbeidde med husflid og handverk. Husmødrene samlast rundt omkring i heimane. Handarbeidet vart delvis selt til velgjerande føremål.

4-H Club hadde dei sjølvsagt også i Adler. Jentene lærte seg fyrst og fremst kjøkenstell, og gutane fekk innføring i gardsdrift.

Skulebygga var brukte som forsamlingshus der folk møttest til kortspel, dans og andre sosiale syslar.

Frå dei fyrste emigrerte til Nord-Dakota og Adler Township for 150 år sia og fram til i dag har det vore ei eventyrleg utvikling i området. Dei som kom til Amerika, slo seg naturleg ned så nær austkysten som mogleg og etablerte seg gradvis vestover. Nord-Dakota ligg heilt nord i USA, og Nelson County heilt aust i staten. Ein del oppsøkte Wisconsin fordi naturen der likna meir på naturen her i Ottadalen.

Avfolking og nedlegging
I løpet av 50 år var området rundt Adler Township folkesett av norske settlarar, som danna eit nytt samfunn i eit område der det aldri før hadde budd folk fast. I dag er det ikkje mange av desse att i området. Utviklinga liknar mykje på den vi finn i utkantane her til lands, med avfolking og nedlegging av infrastruktur. Nokre norskætta driv farmane sine i Adler framleis (Gilbertson og Borgen), men dei aller fleste farmane er selde, og blir nå delar av kjempestore fellesbruk der det blir dyrka korn i stor skala. Drifta av jorda har vore gjennom ei veldig modernisering. Mange av bygningane som for berre 50 år sia husa familiar og danna grunnlaget for eit sosialt levande samfunn, ligg i dag brakk og forfell.

Etterkomarane etter ottadølene i Nord-Dakota er nå spreidde for alle vindar. Eit paradoks er det at stadig fleire av desse etterkomarane blir fanga av interessa for å følgje i fotspora heim etter medølane som rømde frå armoda i heimbygda på 1800-talet.

Sjå oversikt over husmennsplassar i Medalen fortalt av Ragnar Skjelden til Jorunn Kvale.