Julianna (Julie) Engum Vaagaasar

Fødd: 26. mars 1862 Skjåk
Død: 24. desember 1937 Lom
Gift med Jon Gjeilo Vaagaasar, f 22.apr 1864
GENI

Mor: Livø Mallaug
Far: Halvor Engom
Born (syskjenflokken til Synne):
Rolv (1887-1937)
Halvard (1889-1973
Olvar (1890-1968)
Synne og Livø (tvillingar som død unge)
Synne  Jond. Vaagaasar   (1893-1962)
Kristian (1895-
Gregor (1897-1974)
Livø (1898-1969)
Tea (1900-1987)
Hans Albert (1902-1963)
Algot Rudolf (1904-1985)
Anna Mari (1906-1994)

Julianna og Jon fekk til saman tretten  barn. To av desse var tvillingar og var dødfødde. Det var ei veke mellom fødselen på desse to. Mellom fødslane var ho på åkeren og skar korn. Julianna var svært slagferdig i kjeften og god til å rime.
«Eg for over isen men var ikkje neppå med pisen», sa ho.

Frå Olav T Kvaale: «Gamalt frå Lom:»

Ho Julianna var hjå klokkaren for å skrive inn fadrane til det siste barnet sitt. Klokkaren spurde ho då kor mange born ho hadde.
«Eg har tolv med son han Rolv, og det trettande kom ettersmettande»,svara ho Julianna.
«Du fær ikkje fleire nå da, er von?», sa klokkaren.
«Det er ikkje godt å væta, han får råd for slikt som har slikt å læta», svara Julianna.

Ein gong var ho Julianna Vaagasar og ho Torø Vekkje uvenner, og ho Torø sa at ho Julianna var stygg.
-«Ja, er du ikkje fortusta på at eg skulle bli gift?
Her går det pene ,ugiftegjentå i ei rekkje,
frå Marstein åt Vekkje,
og reiser du åt Kvåle,
treffer du ei jåle», svara ho Julianna.
(På Marstein,Øverbø og Vekkje var det den tid 8 gamle, ugifte jenter og ei halvskrulle på Kvåle.)