Bygdahistorie frå Gjeilosstronde

Sygard Gjeilo fotografert i 1928, Skjåk historielag.

Ola Franson Gjeilo, f. 29/9 1891, voks opp på Søre Gjeilo, den synste garden uttafor vegen på Gjeilosstrond. Ola var del tå ein stor syskjenflokk på åtte ungar. Ola var den eldste, fødd i september 1891. Foreldre var Embjørg Amundsdatter Amundssted og Frants Olsson Gjeilo frå Storkjørren.

På Sygard Gjeilo, rett nordafor Søre Gjeilo, budde det ein familie som var barnelause. Dette var Gregorius Rolvson og kona Torø Persdatter Vaagaasarøygard. Desse var på leit etter nokon til å føre gardsarven vidare. På Vaagaasar i Lom budde det ei jente som heitte Synne Vaagaasar, fødd i 1893. Foreldra hennar var Jon Rolvson Gjeilo Vaagaasar og Julie Halvorsdotter Engum. Jon var bror til Gregorius på Sygard og hadde vokse opp der. Etter fleire forsøk på hospitering av gutar frå familien på Vaagaasar, vart Synne plassert hjå onkelen sin på Sygard. I folketeljinga i 1900 var Synne Johnsdatter Vaagesar oppført som pleiedatter på Sygard Gjeilo. Da var ho berre sju år gamal.

Folka på Sygard Gjeilo 1875. Fremst frå venstre: Rolv Gregoriusen (f. 25/12 1815) på fanget son hans Rolv Rolvs, (f. 15/12 1866), kona til Rolv, Synne Olsdatter Bøje (f. 9/3 1824) med dotter Anne Rolvsd. (f. 4/8 1871). Rønnaug (f. 1/1 1846) gift med Sevald Sevaldsen Nørstnes, Anne (f. 19/9 1850) gift med Johannes Eriksen Kjekahagen, Gunnhild (f. 21/5 1844) gift med Ola Olsen Bakken med sonen deira Ola. Andre rekkje: Ola (f. 25/2 1858), Gregorius (f. 25/4 1848) gift med Torø Persdatter Vaagaasarøygard, Synne (f. 6/12 1852) gift med Lars Olsen Prestjordet, Jon (f. 22/4 1864), som kjøpte Vaagaasar, gift med Julie Halvorsdotter Engum, Kari (f. 5/6 1855) gift med Tore Syversen Skamsdalen og Embjørg (f. 9/6 1860) gift med Ola Torsen Gjeilo. Etter folketeljinga i 1875 var eldste dotter Torø Rolvsd. gift med Sylfest Maurstad, fløtt til Gjeiloshaugen og ikkje med på bildet.

På Gjeiloshågå ovafor Nygarden budde det ein familie med i alt ni barn. Maria, som var fødd i 1895, var nr. seks i rekkja. Fyry ho hadde det kome fem jenter på rekkje og rad. Tre av desse reiste seinare til Canada og levde heiler sine vaksne liv der. Thea Haugtrædet Rundhaugen var ei av desse. Thea i Lom var oppkalla etter henne. Det er forøvrig ei stor etterslekt etter desse tre jentene som reiste til Amerika i dag. Foreldra til Maria var Ola Biløygard, antakele frå Høgbrenna i Lia og Anne Molykkjun, au frå Lom. Denne familien budde da på Gjeiloshågå ovafor Nygarden og fløtte seinare til Haugtrædet ovafor Sygard Gjeilo og starta sikkert å bruke Haugtrædet-etternamnet da.

Gjeiloshågån slik det såg ut da Anne og Ola Haugtrædet budde der. Dette bildet er frå før 1910F.v.: Rolv O. Gjeilo (f. 1879), Rasmus Englund (f. Bakken ca. 1816), Ola Bakken (f. 1827), Sylfest Maurstad (f. 1841), Torø Maurstad (f. Gjeilo 1842).Torø var syster til kona til Ola Bakken, som budde her både i 1900 og 1910 ifg. folketellingane. Rolv O. Gjeilo var son av Ola Bakken og Rasmus Englund var bror til Ola. Digitalmuseum.

Ola Franson Gjeilo frå Søpå Gjeilo og Synne, som var adoptert frå Vaagaasar åt onkeln sin på Sygard Gjeilo, gifta seg den 2. mai i 1912. Synne var da 19 år og Ola 21. Synne hadde odelen på Sygard og dei to tok etter kvart over drifta av garden. Fem barn vart det på desse. Fyrstefødde Embjørg kom til verda i 1913 og så fulgte Torø, Julianna, Gregor og Frans, som var fødd i 1923.

Ein dag tidleg på året i 1915 dukkar det så opp ein kar på Gjeilosstronde som heitte John Øyjordet. John/Jo var fødd i 1891 og var da altså 24 år gamal. Etter notat som han hadde gjort sjølv, hadde han teke seg teneste hjå Frants Gjeilo i eitt år og arbeidde sommaren 1915 på det som da måtte vere Søpå Gjeilo hjå far til Ola Frantson.

I notatboka si skreiv Jo: «tok meg tenest hjaa Frants Gjeilo på eit aar, men so skulde eg vere i ein maanad um sumaren for det skulde eg hava 280 kroner. Eg gjek av tenesta den 20de Juli. Etter det skulde eg vera fri til den 20 August. Så byrja eg og arbeide hjaa Frants att den 27 Juli. Eg arbeidde 5 dagar av Juli og 16 dagar av August. Dert vert 21 Arbeidsdagar.»

John var i fylgje kassadagboka til Ola Franson Gjeilo i arbeid på Sygard både  i 1918 da han fekk utbetalt kr 50 den 31/8 og kr 900 og eitt par sko mot slutten av året. Også i 1919 fekk John betaling for arbeid på Sygard da han den 14/10 fekk kr 25 for 9 dage a kr 5 i betaling frå Ola Franson.

Jo var truleg fødd på Sygardsplass i Bråtå, men voks opp oppi Medalen i Lom. Mor hans var Marit Sygardsplassen frå Bråtå og faren var Ola Jonsson frå Imbertsgjerdet i Lia. Jo fekk ein vanskeleg barndom. Faren Ola gjekk bort på tragisk vis da Jo var berre fem år gamal og Jo vart fløtt mellom fleire heimar, til det som i dag blir kalla fosterheimar. Jo hadde det slett ikkje godt i oppveksten. Fyst var han på Gaupar, det vart gripi inn der og ferda for gutongen gjekk vidare fyrst til Krøkje og så til Øverbø.

Som 24-åring tok han seg arbeid på Gjeilosstrond utan at det er klart på kva for måte han havna der. Mora, Marit var i fylgje bygdaboka bind 4 side 108 i teneste på Vågåsar under folketellinga i 1900 og hadde dermed kontakt på garden som Synne nokre år seinare vart adoptert bort frå til Sygard Gjeilo og seinare gift med Ola Frantson Gjeilo. Det enda i allfall med giftarmål for John med Maria i 1916. Marit gifta seg seinare opp att med Rasmus Hansson Lund i Skjåk.

Maria hadde da fløtt, saman med resten av familien, frå Gjeiloshågå til Haugtrædet, nokre hundre meter lengre sørover eller austover på Gjeilosstronde. Den 5. desember 1916 kom fyrstefødde Ola til verda. Da hadde paret fløtt åt Turrmoen på Dalom i Skjåk der også Oddmund og Magnar kom til verda. Seinare fløtte familien til Maria og Jo til Fyrun i Garmo og så til Graffershaugen i Vårdalen, der til slutt Thea kom til verda den 9. mai 1935 i syskjenflokken på ti.

Thea og Frans gifta seg på Lillehammer tidleg på hausten 1958.

Ola G. 6/3 2026