Born: 1. Laurits Kvåle g.m. Laura frå Gaupne 1.1. Bjørg Lauritsd. Kvåle 2. Astrid Olsd. Slettom, f. 9. des 1920, g med Olav Pers. Sletten 2.1. Per Olavs. Sletten 2.2.Ola Olavs. Sletten 2.3. Ingvald Olavs. Sletten 2.4. Leif Arvid Olavs. Sletten 2.5. Anne Lise Olavsd. Sletten 3. Margit Olsd. Slettom,f. 9.des 1920, død berre fire veker gamal.
4.Marit Olsd. Slettom, f. 1921, g med Lars Skjerpingstad 4.1. Ester Larsd. Skjerpingstad,g med 5. Jofrid Olsd. Slettom, f. 15.des 1929, g med Kaare Ols. Kroken f 1924
Foreldra til Anne kjøpte Kvåle i 1906 da Anne var ni år gamal. Familien kom da frå Øyjordet. Anne var eldst av alle og den einaste jenta i ein søskenflokk på sju. Ho måtte hjelpe til på garden og i 20 års alderen fekk ho ein gut (Laurits). Faren heitte Nils Vurvold. I 1920 gifta Anne seg med Ola. Dei budde da ei stund på Kvåle. I desember fekk dei tvillingane Astrid og Margit. Dei var båe svake og Margit gjekk bort berre fire veker gamal. Frå der f løtte familien til Bøstugu. Der vart Marit fødd. Så fløtte dei til Ysthuset, eit hus som stod nedved vegen ved Stubbom. Frå der gjekk fløttelasset til ei stugu i Hågå (Hågåbakkstugu). Da var Astrid fire år og Marit tre. Dette var ei svært vanskeleg tid. Det var ikkje arbeid å få for Ola og Anne sette opp ein vev og vov råndastakkty. Dei fire budde ei stutt tid i ei stugu i Juland og frå der fløtte dei til Aukrustbakken (Sygard Aukrust).
Da tok Astrid til på skulen på Gutubøteigen og Jofrid kom til verda. Her hadde dei ei ku og nokre geit. Der var dei til Jofrid var seks år. Da fløtte dei til Live Klepp nordafor ysteriet. Der vart familien berre eit år og så gjekk turen oppi Klepp. Eit par år seinare kom Synne Klepp, tanta til Ola heimatt og skulle ha att stugu. Familien måtte atter ut på flyttefot, nå til bedehuset søpå strånd. Men etter to nye år gjekk Synne bort og familien kunne fløtte attende til Klepp der familien vart buande.
Ola gjekk bort berre 45 år gamal og Anne vart dermed tidleg einsleg forsørgar for familien. Ho var mykje borte på bakst og gjekk heilt nedpå Bergom på arbeid. Og det var lange arbeidsdagar frå kl. sju om morgonen til ni om kvelden. Ho fortalde at ho hadde ti kroner dagen. Då ho vart eldre tok ho til med å veve åkle. Folk kom heim med kvitt garn som Anne farga. Det vart mange åkla på dei åra ho fekk halde på. Berre til ein i Skjåk vov ho heile ni åkle – eit til kvar av ungane. På sine eldre dagar vart Anne plaga av leddgikt, noko som særleg gjekk ut over fingrane. Ho måtte derfor trappe ned med vevinga.
Jofrid, som har fortalt dette om mor si, avlutta slik: Ja, mor hadde i grunn eit slitsamt liv, men ho var bra tilfreds likevel.
Avisoppslag Dagningen, mandag 18. juli 1960. Trykk på bildet og les heile oppslaget
Anne Kvåle
Anne og Ola saman med Marit f. 1921 (Skjerpingstad) og Astrid f. 1920 (Sletten). ca 1930
Astrid Bolstad Røyrvik:
«Tippar det er på sætern i Høydalen.
Lurar på om ho heilt til høgre i rutete kjoleforkle er Kari Brustuen, vår oldemor, Gunn Holmestad?
Så fint eit bilde! Sittande lengst til venstre er mi bestemor, Anne Slettom f Kvåle. Jenta med ljost hår rett bak der er Mor, Jofrid Kroken f Slettom. Storesyster til Jofrid (Astrid) står i bakarste rekke nest lengst mot høgre med myrkt belte. ho heitte Astrid Sletten f Slettom. Jofrid var fødd i 1929, så dette kan vere midt på 30-talet kanskje?
https://www.facebook.com/groups/408445505870435/permalink/1486508368064138/
Anne Kvåle (?)
Foreldra til Anne kjøpte Kvåle i 1906 da Anne var ni år gamal. KARL HØGBERG – Kvåle gård i Lom 1932. Aud har kjøpt dette maleriet.
Anne på setra (på Neto?). Framfor grinda står Per Sletten.
Anne Kvåle
Anne Larsdotter Kvåle Slettom
Anne
Anne i midten til venstre bak på dåpsdagen til Laila Kvåle Laingen. https://www.facebook.com/1535778298/posts/10221622906272061/
Anne Kvåle Slettom, Ragna Kvåle, Laila Kvåle og ? Anne gjekk bort i 1963.
«Slettom i Sol» av Henrik Sørensen måla i 1935. Odd Slettom eig malerier.
Jofrid, Aud, Odd Arne og Anne Kvåle Slettom i Presthaugen rundt 1965.
Anne, Jofrid, Astrid Kroken og Aud i Krokatrædet rundt 1965.
Frå venstre bak: Lauritz, Ola, Olaf, Amund og Lars.
Fremst frå venstre: Laura (kona til Lauritz), Ragnhild (kona til Lars), Ragna (kona til Ola), Ingebjørg (kona til Olaf) og Rønnaug (kona til Amund).
Brørne til Anne frå venstre: Ola Kvåle, Olaf Kvåle, Kristian, Amund og Lauritz (som dei andre er onkelen til) og Lars. Det er Laila Kvåle Laingen (dotter til Lars) som har delt desse bildene på facebook.