Ola Johanson Slettom

OLASLE~4Fødd den /9 1900 Død 17. mai 1945
Gift med Anne Kvåle
Mor: Anne Bakken
Far: Johan Slettom

Foreldra til Anne, kona til Ola,  kjøpte Kvåle i 1906 da Anne var ni år gamal. Familien kom da frå Øyjordet. Anne var eldst av alle og den einaste jenta i ein søskenflokk på sju. Ho måtte hjelpe til på garden og i 20 års alderen fekk ho ein gut (Laurits). Faren heitte Nils Vurvold. Han ville utvandre til Amerika som så mange andre. Anne ville vere med, men foreldra ville ikkje sleppe ho av garde.  I 1920 gifta Anne seg med Ola. Dei budde da ei stund på Kvåle. I desember fekk dei tvillingane Astrid og Margit. Dei var båe svake og Margit gjekk bort berre fire veker gamal. Frå der f løtte familien til Bøstugu. Der vart Marit fødd. Så fløtte dei til Ysthuset, eit hus som stod nedved vegen ved Stubbom. Frå der gjekk fløttelasset til ei stugu i Hågå (Hågåbakkstugu). Da var Astrid fire år og Marit tre.  Dette var ei svært vanskeleg tid. Det var ikkje arbeid å få for Ola og Anne sette opp ein vev og vov råndastakkty. Dei fire budde ei stutt tid i ei stugu i Juland og frå der fløtte dei til Aukrustbakken (Sygard Aukrust). Da tok Astrid til på skulen på Gutubøteigen og Jofrid kom til verda. Her hadde dei ei ku og nokre geit. Der var dei til Jofrid var seks år. Da fløtte dei til Live Klepp nordafor ysteriet.  Der vart familien berre eit år og så gjekk turen oppi Klepp. Eit par år seinare kom Synne Klepp, tanta til Ola heimatt og skulle ha att stugu. Familien måtte atter ut på flyttefot, nå til bedehuset søpå strånd. Men etter to nye år gjekk Synne bort og familien kunne fløtte attende til Klepp der familien vart buande.

Ola gjekk bort berre 45 år gamal og Anne vart dermed tidleg einsleg forsørgar for familien. Ho var mykje borte på bakst og gjekk heilt nedpå Bergom på arbeid. Og det var lange arbeidsdagar frå kl. sju om morgonen til ni om kvelden. Ho fortalde at ho hadde ti kroner dagen. Då ho vart eldre tok ho til med å veve åkle. Folk kom heim med kvitt garn som Anne farga. Det vart mange åkla på dei åra ho fekk halde på. Berre til ein i Skjåk vov ho heile ni åkle – eit til kvar av ungane. På sine eldre dagar vart Anne plaga av leddgikt, noko som særleg gjekk ut over fingrane. Ho måtte derfor trappe ned med vevinga.

Jofrid har fortalt dette.

Born:
1. Astrid Olsd. Slettom,f. 9-des 1920, g med Olav Pers. Sletten
1.1. Per Olavs. Sletten
1.2. Ola Olavs. Sletten
1.3. Ingvald Olavs. Sletten
1.4. Leif Arvid Olavs. Sletten
1.5. Anne Lise Olavsd. Sletten
2. Margit Olsd. Slettom,f. 9.des 1920, død berre fire veker gamal.
3. Marit Olsd. Slettom, f. 1921, g med Lars Skjerpingstad
3.1. Ester Larsd. Skjerpingstad
4. Jofrid Olsd. Slettom, f. 15.des 1929, g med Kaare Ols. Kroken f 1924
4.1. Odd Arne Kroken,f 1960
4.2. Aud Kroken, f 1961
4.2.1. Rolv Gjeilo, f1987
4.2.2. Synne Gjeilo, f1988
4.2.3. Vetle Gjeilo, f1991
4.2.4. Haakon Gjeilo,f 1994
4.3. Vigdis Kroken,f 1964
4.4. Jon Kroken,f 1966
4.5. Kjell Kroken, f 1966
4.5.1. Kristoffer Kroken,f 1997

Syskjen:
1. Jo g.m. Marit Tråstad i Skjåk, born: Jonas og Rønnaug.
2. Kari
3. Rønnaug g.m. Eilev Randen, born: Åslaug.
4. Knut g.m. Olga Marstein i Lia. Born:Anne, Embjørg, Johan og Aud.
5. Anne g.m. Sylfest Juland, born: Sigurd, Jan og Arvid.
6. Sigvald g.m. Kari Skinnet (frå Vågå), born: Anna, Johan, Kåre, Gunnar, Kjellaug, Solveig, Knut og Oddbjørg.
7. Asbjørn g.m. Ymbjørg Repp, born: Kari, Johan, Asta, Leif Bjørn og Odd Gunnar.

Ola dreiv ein del gardsarbeid og arbeidde seinare i vegvesenent med mining. Arbeidde også mykje i skogen. Ola hadde vanskar med ein fot som hemma han mykje i arbeidet.