Marit Olsdotter Visvolden

f 2. mai 1850-d 1914  Kalla Stor-Marit
Gift med Anders Jonsen Kroken ,f. 12.jan 1851-d.1939
Mor: Kari Erlandsdotter f. 4. august 1827?
Far: Ole Nilsson Slettvolden f. 1828

Anders og Marit fekk 8 born: Jo (f 1874), Kari (f 1878), tvillingane Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola, (f 1890) og tvillingane Amund og Hans (f 1894). Amund f. 1894 gjekk bort den 27. april 1905, berre 11 år gamal. Det same året som familien fløtte til Prest-Kroken.

Syskjen:
1. Brit Olsd. f 1.mai 1850, g med Amund Brekk
2. Marit Olsd. f 1.mai 1850, g med Anders Jonsen Kroken
3. Rolv Ols. f  30.des.1852, g med Marit Slettede.
4. Erland Ols. Volden Vågåsarmoen f 29.jan 1855, g med Anne   Tandestugun
5. Marit el. Mari, f 17. sept. 1857
6. Livø, f 19. juni 1860, ugift
7. Hans, g med Marit Knutsd. Vole

Familien til Anders og Marit .Frå venstre: Anders, Ola, Rønnaug, Amund, Marit og Hans. Fotografert før 1904. Anders Kroken eig fotografiet.

Les meir om Anders i Prest-Kroken her frå Heim og Bygd 2005
Sjå om utvandinga til Amerika frå Medalen
Sjå dagboka til Anders Jonsen Kroken 1886 – 1889
Sjå oppslag i desembermagasin 2020 om husmannslivet i Medalen

I folketellinga 1891 budde Anders Johnsen på Øigjordet

I folketellinga for 1900 hadde vegen gått vidare til Sulheimssanden der han da budde saman med kona Marit, sønene Ole, Amund og Hans, dagarbeider/inderst Hans Taarud og skomagersven Knud Hansen Taarud

I folketellinga for 1900 hadde vegen gått vidare til Sulheimssanden ho da budde saman med mannen, sønene Ole, Amund og Hans, dagarbeider/inderst Hans Taarud og skomagersven Knud Hansen Taarud

Anders og Marit fekk 8 born, John (f 1875), Kari (f 1878), tvillingane Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola, (f 1890) og Amund og Hans (f 1894). I 1893 reiste eldste-sonen, John til Amerika. Han har seinare brukt namnet Jo eller Jon Andersen.

Marit  var Bøverdøl, Visvollen var ein husmannsplass under Hoft. Rolv (Rolf) var far til Jørgine Boomer, Marit vart altså tanta hennar og Anders «fille-onkel» som vi seier i Lom.

I 1875 er sonen John er 1 år gamal. Familien bur i da Medalen, Aasen. Aasen er eit husmannsbruk under Røysheim. Anders er «inderst, bygningstømrer og dagarbeider». Han eig 2 sauer. (Ein inderst er ein person som bur til leige.) I 1890 budde fam. på Søre Øyjordet, ein husmannsplass under Sygard Gaupar. Der vart Ola fødd. Stugu der var på to rom utan dør imellom.

I 1893 reiste eldste-sonen , John til Amerika.

I 1898 flytte fam til Engjom som var husmannsbruk under Glimsdal. Engjom låg inntil Hovdeseterene, så det var nesten til fjells. Plikta til Anders var å gå til husbonden når han vart kalla på. Anders fekk likevel tid til å drive med anna arbeid . Han dreiv med slakting om haustane. Om vinteren gjekk han i fjellet ved Lauvhøe i Visdalen og jakta på rype. Han jakta medan det var «skotljost». Så hadde han med seg kjelke som han leste på ved før det bar heim att. Han kom aldri heim att før det var myrkt. Da kunne han ha skote 5-6 ryper som han fekk 40 øre stykket for. På Engjom hadde fam. 1 ku og nokre sauer. Stova var berre på eitt rom. Det var ei lita stove til der, men den kunne brukast berre om sommaren. Inn under der var det ei aur-bu.

Frå Engjom flytte fam til Visvollen, som var husmannsbruk under Hoft. Der hadde dei også ei ku.

I 1900 er dei husmenn under Sulheim. Berre dei tre yngste borna bur heime. Det er Ole (Ola) på 10 år og tvillingane Amund og Hans på 6 år.

Anders og fam flytte ofte. Han trudde kvar gong han skulle få betre vilkår.

Anders skriv i dagboka si: » Amun døde 27. April 1905 Den 5. Mai 1905 var begravelsesdagen.»

I 1905 flytte fam til Prest-Kroken. Dei eldtste borna er no reist til Amerika. John reiste i 1893, Kari 1897, Embjørg og Marit i 1901 og Rønnaug i 1904. Fam kom til Kroken som husmenn. Det var inga plikt, men dei skulle betale 30 kr året i leige. Anders kjøpte husa for 600 kr. Leige av jorda kosta kr 24 kvart år.

Den 1. juni i 1907 skriv Th Børresen: » Anders Jonsen Kroken har i dag betalt husleieafgift for Kroken for leieåret 1906/07 efter 4 % af kjøbesummen for husene med kr 24. »

Det var ei stove med to kleva, fjøs, låveog eitt stabbur. Ved og gjerde-materiale fekk dei finne i skogen som høyrde til , men ikkje hus-materiell, da Anders kjøpte husa og ikkje leigde dei. I Kroken hadde dei 2 kyr, nokre sauer og ein og annan gongen eit ung-naut.

I 1908 reiste Ola til Amerika i lag med eine systera som var heime att ein tur

I 1913 vart Anders att åleine i Kroken. I dagboka står det: » Marit, født 2. Mai 1850 døde 6. November 1913 af slagtilfælde. Hun livde i 9 timer efter hun faldt ned.»

Anders og Marit fekk 8 born, John (f 1875), Kari (f 1878), Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola,(f 1890) og Amund og Hans (f 1894):
1. Jo Andersen,f. 1874,g med Christine, ingen barn
2.Kari Andersdotter,f. 1878, g. med Gilbert Larson Vetlhaugen
2.1.Albert Larson, g med Eleanor
2.1.1.Lynn Larson
2.1.2.Karen Larson
2.2.Louis Larson,g med Mildred
2.3.Clara Larson,g med Sever Gilbertson
2.3.1.Glenn Gilbertson
2.3.1.1.Melanie Gilbertson
2.3.1.2.Tod Gilbertson
2.3.1.3.Carter Gilbertson
2.3.2.Jean Gilbertson
2.3.3.June Gilbertson
2.4.Marie,g med Olaf Olsen,7 barn
3.Embjørg Andersdotter,f.1882, g.m. Sevald Hansen
3.1.Catherine Hansen,g med Oscar Magnus
3.1.1.Elton Magnus
3.1.2.Neil Magnus
3.1.3.Alice Magnus
4. Marit  Andersdotter,f.1882,g med  Teodor Borgen,ingen barn
5.Rønnaug  Andersdotter,f. 1886,g. med ? Jensen frå California
5.1.Amy Jensen, g med Bill
5.2.Floyd  Jensen,g med Mae
5.2.1.  Sandy Dahl
5.3.Roy Jensen
5.4.Ralph Jensen
5.5.Alice Jensen
6. Ola Andersen Kroken,f  1890,, g.m. Anna Kristofferd.Gjerde f.  1899-d
6.1 Arne Ols.Kroken,f 1920,g med Borgny Ultrimark
6.1.1.Frede Henrik Kroken,f 1945
6.2. Kaare Ols. Kroken,f 1924,g med Jofrid Olsd. Slettom,f 1929
6.2.1.Odd Arne Kroken,f 1960
6.2.2.Aud Kroken,f 1961,g med Ola Gjeilo,f 1958
6.2.2.1.Rolv Gjeilo,f 1987
6.2.2.2.Synne Gjeilo,f 1988
6.2.2.3.Vetle Gjeilo,f 1991
6.2.2.4.Haakon Gjeilo,f 1994
6.2.3.Vigdis Kroken,f 1964
6.2.4.Jon Kroken,f 1966, samb med Jorunn Falling
6.2.5.Kjell Kroken,f 1966,samb.m Ann-Kristin Hagen
6.2.5.1. Kristoffer Kroken,f 1997
6.3. Magne Ols. Kroken,g med Jenny Kråbøl
6.3.1.Ola  Kroken
6.3.1.1.Marthe Thori Kroken
6.3.1.2.Sigrid Thori Kroken
6.3.2.Bodil  Kroken
6.3.2.1.Stian Kroken
6.3.3.Mette Kroken, g med Per Arve Støland
6.3.3.1.Joachim Støland,f 1981
6.3.3.2.Maiken Støland,f 1986
6.4 Gunnar Ols. Kroken,g ,med Olga
6.4.1.Mari Anne Kroken
6.4.1.1.Marius Kroken,f 1995
6.5. Åmund Ols. Kroken,g med Randi Byre
6.5.1.Anne Grethe Kroken,f 1961
6.5.1.1.Christine
6.5.1.2.Cecilie
6.5.2.Wenche Kroken,f 1964,samb med Vegard Haugom
6.5.2.1.Randi Marit Haugom,f 1991
6.5.2.2.Odd Åmund Haugom,
6.6. Ivar Ols. Kroken,g med Irene Kristoffersen
6.6.1.Geir Owe Kroken,f 1966
6.6.1.1.Kim Andre
6.6.1.2.Ole Jacob
6.6.1.3.?
.6.6.2.Kjetil Kroken,f 1968,samb m Inger-Janne
6.6.2.1.Mads Kroken
6.6.3.Heidi Kroken
6.6.4.Jon Ivar Kroken
6.6.5.Ola Tarjei Kroken
7.Amund (f. 1894) (død ung av strupekreft?)
8.Hans Andersen,f. 1894 -d 1978,g.med  Mari Jakopd. Øyen,f 1900 -d 1947
8.1.Anders Kroken,f 1923,g med Anna Marsteintrædet
8.1.1.Margot Kroken,g med Oddmund Svaet
8.1.1.1.Kjell Arild Svaet
8.1.1.2.Odd Arne Svaet
8.1.2.Aase Kroken,g med Jarle Yttre
8.1.3.Astrid Kroken,g med Helge Sandvoll(skild)
8.1.3.1.Elisabeth Sandvoll
8.1.3.2.Arnt Ivar Sandvoll
8.1.4.Halldis Kroken,g med Odd Egil Ringebo
8.1.4.1.Hans Olav Ringebo
8.1.4.2.Anders Ringebo
8.1.5. Unni Kroken,g med Magne Tor Berget
8.1.5.1. Anne Mette Berget,f 1988
8.1.5.2.Tor Arne Berget,
8.2.Jon Kroken,f 1932,g med Helene Johannesd. Jordhøy
8.2.1.Marit Kroken,f 1954,samb med Lars Andreassen
8.2.1.1.Miriam Kroken Andreassen
8.2.2.Stein Kroken,f 1956- d 1999
8.2.2.1.Andreas Guin Kroken
8.2.2.2.Maiken Guin Kroken

Visvolden eller Visvollen var i Medalen av namnet Visdalen?