Fødd (1/2 1890) (d. 1968)
Gift med Anna Gjerde (f. 26/9 1899) (d. /-1987). Gifta seg 13/12 1919 i Johannes-kyrkja i Bergen.
Mor: Marit Olsdatter Visvolden
Far: Anders Jonsen Kroken (f. 12/1 1851) (d.)
Anna Gjerde fløtte til Bergen – antakeleg som tenestejente – rund 1915. Der møtte ho Ola Andersen, som arbeidde som gardskar på same staden som Anna hadde huspost. Dei gifta seg den 13.12 1919. I 1920 vart eldste guten Arne fødd. Våren 1924 flytte familien til Lom. Ola og Anna skulle ta over Prest-Kroken, etter at Johannes Jonssen var frådømd retten til bruket. I august same året vart Kaare fødd i Prest-Kroken. Ola var med i losjeorganisasjonen, dreiv garden heile sitt vaksne liv og var blind på eine auga. Ola vart 78 år og døde da han var på ferie hjå sonen sin i Gjerdrum.
Syskjenflokken til Ola var: John (f 1875), Kari (f 1878), tvillingane Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola, (f 1890) og Amund og Hans (f 1894). I 1893 reiste eldste-sonen, John til Amerika. Han har seinare brukt namnet Jo eller Jon Andersen.

Om utvandinga til Amerika frå Medalen
Kart og omtale om husmannsplassane i Medalen utarbeidt av Ragnar
Bilde frå Kroken
Oppslag i desembermagasin 2020 om husmannslivet i Medalen
Slektstavle Jon Amundsen (Brimi)Skjellen utarbeidd av Kaare K.
Slekta Kari Gunnarsdotter Kvist utarbeidd m. a. av Kaare K.
Dette har Ola fortalt til Gudbjørg Knudsen i 1954:
Eg er fødd i 1890 på Søregard Øyjordet som den gongen var husmannsbruk under Søregard Gaupar. Bruket er nå sjølveigande. Plikta på bruket hugsar eg ikkje. Stugu var to rom utan dør i millom. Eg var og såg på tomta der eit år. Men ikkje skjønar eg korleis vi hadde plass der. Eg var tie år da den store snøskrea gjekk og tok med seg Søregard Gaupar. Eg hugsar at folk hua og skreik og at ein mann sprang i veg med ei jernskodd tresko. Kva han skulle med den har eg ofte tenkt på sidan. Eldste bror min han Jo reiste til Amerika det året. Vi var åtte søsken, av dei to par tvillingar
Det var mykje folk inne hjå oss, særleg om vinteren. Da var sæteriegarane på Visdalen inne og kvilde og åt når dei køyrde heim sæterforet. Eg hugsar at det var mange som steikte seg flesk. Eg veit ikkje kor lenge vi var på dette stedet. Men da eg var 8 år flytte vi til Engjom som var husmannsbruk under nedrestugu Glimsdal. Engjom låg inn til Hovdesætrene så det var nesten til fjells. Pliktarbeidet var å gå når husbonden kalla på far. Men eg hugsar at far dreiv mykje på slagting om haustane, så det vart da tid til anna enn pliktarbeid og.
Vi hadde ku og nokre sauer der. Stova var berre eit rom. Men det var ei lita stove til med eit rom. Men den kunne brukast berre om sumaren. Inn under den eine ar det aurbu (aurbu var anten mura av gråstein eller gravde inn i jordbakken. Det var ikkje golv, berre fin sand eller aur som det og vart kalla. Derfor heitte det arubu. I aurbua vart mjølk og heimbryggja øl og forskjellige matvarer oppbevara om sumaren. For der inne var det alltid kald. Så var det eit lite mura fjøs og ein låve. Ved fekk vi ta i skogen på Glimsdal. Far gjekk mykje i fjellet etter rypa om vintern. Særleg da i Lauvhøa i Visdalen. Han gjekk da fyrst etter rupa så lenge som det var skotlyst. Så hadde han med seg kjelke som han leste på ved og tok med seg heim. Han kom aldri heim før etter det var myrkt. Da kunne han ha skote ein 5-6 ruper som han fekk 40 øre stykket for. Det tykte han gjorde stor mun til å mette alle dei svoltne munnane med. Eg gjekk på skule i Røysheimskula. Eg gjekk frå heime før det var ljost om morgonen og kom heim att lenge etter detvar mørkt. Det var ingen veg, berre ein smal stig. Læraren heitte Syver Marstein.
Frå Engjom kom vi til Visvollen, husmannsbruk under Hoft. Der og hadde vi ei ku. Far fløtte ofte for han trudde kvar gong at han skulle få betre vilkår. Eg hugsar svært lite av korleis alt var der. Plikta veit eg heller ikkje. Men eg veit nå det at kom husbonden og ville ha far ein dag, var det sjølvsagt at han måtte gå same kva anna han gjorde eller hadde tenkt å gjera den dagen. Eg veit eg var med mor bort og skar. Da hadde vi 7 øre trevan 812 band. Da eg var 13 år var eg på sørijord Gaupar og skar 20 treva. For det fekk eg ein nyfødd gris. Men grisen voks nå og vart stor. Så den gongen tykte eg at eg gjorde det svært godt. Da eg var 11-12 år var eg ein sumar og gjætte grisar i Sulheimsøya for oppigard Sulheim. Da hadde eg det godt. Eg fekk med meg mykje god mat, og gjekk der og rusla med grisene og passa dei så dei ikkje kom på vegen. Eg fekk eit par nye sko og kjøtet av ei gamal geit for arbeidet. Det var slaktet vi hadde den hausten. Eg veit at eg fiska og var inne i Sulheimsøyene hjå nokre gamle folk som budde der og kokte fisk. Det hende og at det for turistar som eg prata med. Ein dag kom han Kristian Vole på sykkel. Det var fyrste gongen eg såg ein sykkel. Han var nok nesten slik som ein sykkel er nå.
Ein vår var eg hjå han Mathias Øyjordet og var maskinhund når han sådde korn. Eg måtte gå etter og halda i maskina og halde rusk og rask frå pipene slit at kornet gjekk i gjennom. Såmaskina var ei av dei gamle Lomssåmaskinene gjort av han Ola Bræk frå Bråtå i Skjåk. Eg trur det var maten eg fekk for det arbeidet. Eg hugsar særleg ei natt vi helt på lenge. Da klokka var 1-2 om natta tykte han vist at vi vart druge i åkeren han Mathias og. Vi har natta for oss, sa eg. Og såleis var det vi helt på mest heile natta. Den sumaren eg gjekk og las var eg skyssgut hjå sokneprest Børresen. Eg fekk 20 kroner for den sumaren.
Da eg var 18 år reiste eg til Amerika. Eg meinte at det var betre tider der. Tre av systene mine og ein bror var reiste før. Den eine syster mi var heime att ein tur og eg vart med henne. Vi var og i fylgje med Mathias Haugen som reiste den gongen. Johan Larsen køyrde oss med hest til Otta. Han skulle ha ferdalass oppover att. Biletten frå Oslo til Nord-Dakota kosta den gongen 320 kroner. Eg var i Amerika i 9 år. Men i 1914, da mor var død, skulle eg reise heim att og hente far med til Amerika. Men krigen gjorde at heller ikkje eg kom til å reise over att.
Mor og far kom til Kroken under prestegarden som husmenn. Der var det inga plikt, men dei skulle betale 80 kroner året i leige. Vi hadde 2 kyr nokre sauer og ein og annan gongen eit ungnaut. Far fekk kjøpt husa for 600 kroner. Ei stove med to kleva, fjøs, låve og eit stabbur. Eigarar av jorda er framleis den Norske Kyrkja (dette fortalde Ola i 1954/55). Ved og gjerdesmateriale har vi i prestegardsskogen. Men ikkje husmaterial sidan vi fekk kjøpt husa. Jorda var i fyrstninga berre stein, men nå har vi fått arbeidt den bra opp. Ein som heitte Anton Viker Fossberg, som døyde i 1942, synte meg ein gong ei tomt i prestegardsjordet der stova hans Jo Eggen eller reins-Jo, som han og vart kalla, skulle ha stått. Tomta kan ei sjå enda. Ein gong på 1700 talet skulle det ha kome ein del svenskar til Lom, og det kom til strid mellom svenskar og lomverar på prestegardsjordet. Lomverane bar til å tapa. Men så kom han Jo bakfor svenskane og tok til å skyta, men dei tok han til fange og tvinga han til å fylgje dei over Strynsfjellet. Det var på vinteren og dei gjekk på ski. Han Jo køyrde utfor ein berghamar med heile fylgjet. Om våren fann dei att det heile og han Jo låg underst i haugen.
Det hende ofte at eg råka han Hans Rådsbakka i fjelle. Han var god til å skyta og gjekk mykje på jakt. Eg gjekk og ein del på jakt. Det var ikkje rar skyttarambo han Hans hadde. Han hadde ein stav med ei kluft i som han bar med seg. I den klufta la han børsa og sikta og tende med ei fyrstikk. Han hadde lite eller ingen ting å leva av. Han laga seg noko han kalla snargraut. Han bar med seg ein pose med mjøl. Så fann han seg ein stein med eit hol i, tømte oppi vatten om mjøl og rørde det saman og åt det med fingrane. Det var det han livde av når han for i fjellet.
1. Arne Ols. Kroken, f 1920, g med Borgny Ultrimark
1.1. Frede Henrik Kroken, f 1945
2. Kaare Ols. Kroken, f 1924, g med Jofrid Olsd. Slettom,f 1929
2.1. Odd Arne Kroken, f 1960
2.2. Aud Kroken, f 1961, g med Ola Gjeilo, f 1958
2.2.1. Gjeilo, f 1987
2.2.2. Synne Gjeilo, f 1988
2.2.3. Vetle Gjeilo, f 1991
2.2.4. Haakon Gjeilo, f 1994
2.3. Vigdis Kroken, f 1964
2.4. Jon Kroken, f 1966
2.5. Kjell Kroken, f 1966
2.5.1. Kristoffer Kroken, f 1997
3. Magne Ols. Kroken, g med Jenny Kråbøl
3.1. Ola Kroken
3.1.1. Marthe Thori Kroken
3.1.2. Sigrid Thori Kroken
3.2. Bodil Kroken
3.2.1. Stian Kroken
3.3. Mette Kroken
3.3.1. Joachim Støland, f 1981
3.3.2. Maiken Støland, f 1986
4. Gunnar Ols. Kroken, g. med Olga
4.1. Mari Anne Kroken
4.1.1. Marius Kroken, f 1995
5. Åmund Ols. Kroken, g med Randi Byre
5.1. Anne Grethe Kroken, f 1961
5.1.1. Christine
5.1.2. Cecilie
5.2.Wenche Kroken, f 1964
5.2.1.Randi Marit Haugom, f 1991
5.2.2.Odd Åmund Haugom,
6. Ivar Ols. Kroken,g med Irene Kristoffersen
6.1.Geir Owe Kroken, f 1966
6.1.1. Kim Andre
6.1.2. Ole Jacob
6.1.3.
6.2. Kjetil Kroken, f 1968
6.2.1. Mads Kroken
6.3. Heidi Kroken
6.4. Jon Ivar Kroken
6.5. Ola Tarjei Kroken































