Marit Nilsdotter Sperstadplass

Marit
Marit Sygardsplassen fotografert på 65 års dagen sin i Mosjøen. Bilde etter Maria/Anna i Graffershaugen.

f. 21/13 1872 Skjåk
d. 12/2 1971 Elsfjord, Vefsn, Nordland.
g.m. Ola Johnsen i 1891 i Lomskyrkja
Far: Nils Amundsson Bratteigen f. 23. januar 1843
Mor: Torø Johnsdotter Sperstadsplassen  f. 1851
På Geni går Marit under namnet Marit Nilsdotter Lundemo (Sperstadplads, Øyjordet) Husmor og budeie. Andre brukte namn: Marit Bratteigen, Marit Lunna, Marit Vaagesar, Marit Lund.

Mor til: 
John Olsson Øyjordet
Mathias Olsen Kvamme
Rønnaug Olsdotter Moen
Thora Kristiansen

Halvard Lund
Olga Røssevoll
Sina Jørgensen
Robert Lund

Frå kyrkjeboka for Lom prestegjeld.

Marit og Ole gifta seg i Lom prestegjeld den 26. november 1891. I kyrkjeboka står Ola oppført som jordarbeidar  Lunna fødd 1863 og Marit Nilsdotter Sperstadplads(en) fødd 1872.

Marit og Ola leigde Søre Øyjordet i Medalen og fekk fire barn. Jo kom til verda same året som Ola og Marit vart gift. Dei tre andre vart fødde på Øyjordet.  Det er sagt at Ola «vart nervøs» og han tok sitt eige liv i 1897. Jo vart da bortsett til Gaupar der han måtte vere med å arbeide og skulle ha hatt  det vondt.  Det vart gripe inn frå det offentlege og Jo kom da til Øverbø.

Søre Øyjordet var i fylgje bygdabok 4 s. 105 husmannsplass under Sygard Gaupar før 1723 og busett av forskjellige familiar fram til Ola Jonsson f. 1863 på Stigen og g.m. Marit Nilsdotter f. ca 1871 på Sperstadplassen i Skjåk fløtte til Søre Øyjordet før 5. des. 1896, da Ola døydde her. Tidlegare er dei nemnde (på) Kleivi gnr 104-8 og Visvollen gnr 104-8.  Marit  var framleis på plassen da dotter Torø var fødd (25. august 1897), men ved f.t. 1900 var ho i tenest på Vågåsar. Gift opp att med Rasmus Hansson Lund f. i Skjåk (Småtte-Rasmus).  …. Alle fire syskjena, John, Mathias, Rønnaug og Torø er nemnde som bebuarar på Søre Øyjordet kring 1897. Torø var fødd i 1897. Torø brukte seinare namnet Thora.
Sjå kart og omtale om husmannsplassane i Medalen utarbeidt av Ragnar Skjelden og Jorunn Kvale (pdf).

Mathias kom til Kvamme og fekk det godt. Rønnaug havna på Øverbø og hadde også med seg Rønnaug dit. Thora vart med Marit.

Marit reiste rundt på gardane og tok seg arbeid. Da barna voks til, gifta Marit seg opp att med Rasmus Lund Obusmo og var i Skjåk lenge.  Ho fekk fire born i dette ekteskapet.  Marit fekk kreft i eine brystet og gjekk gjennom ein større operasjon. Det er sagt at ho gjekk frå Otta og heim etter operasjonen og rett i arbeid (skurd). Seinare var familien på Åkerlykkja på Lesja (saman med dei fire borna frå andre ektetskapet). Mannen arbeidde ved jernbana og fløtte til slutt til Drevvatn i Helgeland.

Det er sagt om Marit at ho var ei lettliva og flink dame som var svært flink til å arbeide.

Borna til Marit i første ekteskap:
Jon Øyjordet (2/1 1891 – 22/8 1969) g.m. Maria Haugtrædet
Rønnaug (f.    )g.m. Nils Moe frå Skjåk
Mathias (f.   ) g.m. …….. fra Bergen død i «Spansken» da ho gjekk med barn
g2.m. søster til sin første kone (fekk fem barn)  bodde på Askøy i Bergen
Thora (f.   ) g.m. Ole Kristiansen som arbeidde ved jernbana bodde i      Spikkestad. 3 barn Klara, Oddveig og Ola (aktiv i motstandsarbeid under krigen – måtte flykte og vart borte).

Jo
Marit og Rasmus Lund Obusmo, som ho gifta seg opp att med saman med tre av barna dei to fekk, Halvard, Robert og Siva.
Jo
Rasmus Lund på arbeid på jernbana. Kort frå Marit til John og Maria med påskrift «jeg har Modtaget Trøyen og Vaaterne de skal have saa Mange tusen tak jeg ønsker og vert hos eder i Julen.
Jo
Frå Halvard, son til Marit og Rasmus Lund. Halvard var dermed halvbror til Jon/John. Han arbeidde nok også på bana og er her avbilda på postkort antakeleg frå 1925. «Til Herr John Øyjordet adr. «Fyru» Garmo.» «Ja her ser du bildefra det store ras som gikk ved Verma. Bildet viser brudet i øvre linje, den som ligger oppe i hoifjellet. Der arbeidet vi døgnet rundt i otte dager jeg arbeidet fra 2 om dagen til 10 om aftenen. Du må hilse alle guttene og vesle Anna. Kan hende kommer en tur med spillet i høst.» Havard
Marit og Rasmus Lund, Halvard, Robert
Marit Sygardsplassen / Lund, mor til Jo / Jon Øyjordet. Bilde etter Maria/Anna i Graffershaugen.
Marit Sygardsplassen til høgre og dotter Tora gift Kristiansen. Bilde etter Maria/Anna i Graffershaugen.
Marit Sygardsplassen
Marit Lund, mor til Jo / Jon Øyjordet. Bilde etter Maria/Anna i Graffershaugen.
I Graffershaugen på konfirmasjonsdagen til Anna. Tea i midten fremst om lag fem år, altså antageleg rett etter krigsutbrotet. Frå venstre: Maria med Ragnar, Reidar og Ola bak. Fire jenter er Målfrid med Anna bak, Tea (fremst) og Jarnfrid. Jo sit fremst. Bak han er gutane Odmund, Trygve og Magnar. Dama til høgre er mor til Jo, Marit Nilsdotter Sygardsplassen Lund. Marit budde i Nordland, men kom til Lom og var der under krigen.
Marit på sine eldre dagar.