Ola / Ole Jonsson (Krøkje) (Lunna)

f. 1863 d. 1896.
g.m. Marit Sygardsplassen
Mor:  Rønnaug Olsdotter f. 1843 f. i Nordistugu Kollen
Far: Jon Erlandsson f. 1834 i Imbertsgjerdet.

Jorun Lunna har skrive om oldefaren sin:
Oldefar Ola Jonson var fødd i 1863 og gjekk bort i 1896. Foreldra var Jon Erlandson og Rønnaug Olsdotter. Familien står oppført som brukarar i Imbertgjerdet i Lia i 1865. Seinare budde dei i Duvdalen. Ved folketeljinga i 1875 kom dei til Flaskom, ein husmannsplass ovanfor N. Sulheim i Medalen. Men, i dåpslistene står dei ført som husmannsfolk på Stigen, ein annan husmannsplass noko nærare N. Sulheim.

Frå Stigen i 2023.

Frå Solsida i Lom.  Vart gift med Marit Sygardsplassen i Bråtå i Skjåk. Dei leigde Søre Øyjordet i  Medalen. Dei fekk fire barn. Jo kom til på Sygardsplassen same året som Ola og Marit vart gift. Dei tre andre vart fødde på Øyjordet.  Ola vart nervøs og tok livet sitt i 1897, 33 år gamal. Jo vart da bortsett til Gaupar der han hadde det vondt. Måtte vere med å arbeide. Det vart gripe inn frå det offentlege og han kom da til Øverbø. Mathias kom til Kvamme og fekk det godt. Rønnaug havna på Øverbø og hadde også med seg Rønnaug dit. Thora vart med Marit.

Ola Jonson gifta seg i 1891 med Marit Nilsdotter f. 1871 frå Sperstadplassen i Skjåk. Dei budde både på Kleivi (ved Kleivsletten) og Visvollen (litt før Visbrua) før dei fløtte til humannsplassen på Søre Øyjordet. Dette var husmannsplass under S. Gaupar.

Oldefar (Ola) var berre 33 år da han tok sitt eige liv ved å henge seg på ein liten haug ved vegen mot Glømsdal den 5. desember 1896 (?) ikkje langt frå der familien budde. Da hadde ikkje Tora vorte fødd enda og bestefar (John) var ikkje fyllt seks år. Vi kan ikkje vite kvifor denne tragedia skjedde, men Ola Magnar Hoft har fortalt at det det var sagt at han «leid av tungsinn». Kanskje var han psykisk sjuk. I alle fall var det sikkert at han hadde eit strevsamt liv.  

Oldemor (Marit) fekk bu på husmannplassen på Søre Øyjordet til Tora vart fødd. Da måtta dei fløtte ut. Dette vart starten på ei vond tid for dei alle. Spesielt for bestefar John). K´Han kom på legd til S. Gaupar, berre seks år gamal.  Eg veit ikkje kor lenge han vart der, men han hadde det såpass dårleg der at han vart fløtt til Øverbø. Myndigheitene greip inn. Eg har høyrt at oldemor Marit hadde med seg Tora (minstejenta) rundt om på gardane der ho tok seg arbeid. Tande Thea sa at ho hadde med seg både Tora og Rønnaug ei stund og at dei låg i fjøsa og kom på legd etterkvart. Mathias kom til Kvamme. Der fekk han det godt og dei adopterte han og han tok etternamnet Kvamme.

Eg var ni år da bestefar John gjekk bort (på Lågkollen). Eg var mykje i lag med bestefar i og med at vi budde i same huset i Graffershaugen og vi gjekk ofte turar innpå Lågkollen. Bestefar var snill, tålmodig og omsorgsfull. og fann på artige ting. Eg hugsar at han fekk til å fylle ut sjølvmeldinga si før eg kunne skrive. Krota ned fullt med krusedullar på eit sjølvmeldingsskjema – fullt overbevist om at eg hadde skrive sjølvmeldinga som han sa han hadde sendt med postmannen. Likeeins fekk bestefar meg til å skrive brev til julenissen. Når vi var innpå Lågkollen hadde han arbeid med å bryte opp gamle trerøtter med spett som han bar med heim i bør på ryggen. Eg trur han stort sett brukte buserull. Vi hade faste plassar (steinar) som vi sat og kvilte på. Da fekk eg Kongen av Danmark-drops. Ein gong kjem eg i hug at han sa at eg skulle sitje heilt roleg og høyre godt etter for da kom eg til å høyre Skjellkvålen som sat i ein grantopp og spelte fele! Og eg tykte at eg kunne høyre felespel! Dette var sikkert for å få meg til å vera roleg ei stund. Ein gong var syster Sigrun med. Da hadde vi gått nedtil Svart-tjønna. Sigrun skulle samle blomar til herbarium.  Eg stod og støtta meg til ein roten kvist og ramla uti tjønna og bløytte meg. Sigrun måtte fylgje meg heim att da.

Det var kanskje på ein av desse turane at bestefar fortalde meg eitt og hitt om korleis han haddde hatt det som liten smågut på Gaupar. For det gjorde han faktisk, litt rart å tenkje på. For det var noko han ellers ikkje prata noko særleg om. Eg trur ikkje han prata med sine eigne ungar om dette. Kanskje var det for vondt for han og  for dei. Mellom anna sa han at han hadde stått opp og beundra nokre kvite  stiva-snipper / halvskjorter, og kom til å bryte litt på ein snipp. Da skulle han straffast og ein gardskar heldt han medan ein annan pissa på han i ansiktet. Han måtte vere med å arbeide og sto uti Visdalen om vinteren i småe sko og heldt oppe sekkar som dei samla lauv til dyrefor. Da var han så kald på føtene  at han mest ikkje kjende til dei. Fraus gjorde han også ofte når han prøvde å lese lekser på kveldstid. (Bestefar var flink til å lese og skuleflik.) 

Da kunne han vakne ved bordet seint på kvelden eller natta av at han fraus. Det var ingen som hadde sett til at han fekk lagt seg. Han fortalde også at han hadde skeiv seng under ei anna seng. Når  det var på det kaldaste på vinteren var det is på golvet under senga. Men har fortalde også om at det arbeidde ei jente/kvinne der som var snill mot han. Ho tok han av og til opp i senga og vermde han når han vart kald. Eg trur også han fortalde at ho hjalp han ein gong han hadde bløytt seg. Eg trur ho gav han omsorg og eg skulle gjerne vist kven ho var. Eg trur ikkje han nemnde namnet hennar. 

Bestefar fortalde at han etter kvart kom til Øverbø og at han fekk det godt der. Han måtte arbeide  der også men det måtte alle gjera på den tida. Der vart han sett og fekk mat, klær og omsorg.

Eg kan ikkje hugse at bestefar prata om mor si. Han hadde vel ikkje så mykje kontakt med henne i oppvektsen og heller ikkje etter at han vart vaksen. Ho gifte seg opp att med Rasmus Lund som ar jernbanearbeidar, og dei flytte med nordover i landet der han hadde arbeid. Oldemor vart 100 år i fylgje bygdaboka.

Eg var ofte med bestefar borti vegen ved rampa for å hente posten. Bestefar var interessert i å lese avisa og følgje med. Eg hugsar også at eg las romanen i Dagningen høgt for han etter at eg hadde lært meg å lese. Da var han nokså dårleg til å sjå. Og så spelte vi kort bl.a. svelte. Eg kan faktisk ikkje hugse at han var sint/streng mot meg nokon gong.

Dette vart mykje meir skriveri enn eg hadde tenkt, men eg har mange gode minner um bestefar og bestemor. Og eg tykkjer  han ga meg noko spesielt ved å fortelje meg dette sjølv om eg var lita. Eg beundrar bestefar som tross alt vart slik han vart. Snill og pliktoppfyllande. 

Jorun Synnøve Lunna, mai 2023

På digitalarkivet står det at Ola var fødd på Lunna.
Sjå oversikt over husmennsplassar i Medalen fortalt av Ragnar Skjelden til Jorunn Kvale.

Ola og Marit får desse borna:
Jon (John) Øyjordet (2/1 1891 – 22/8 1969) g.m. Maria Haugtrædet
Mathias (f.  1893 ) som kom til Kvamme
g1.m. …….. fra Bergen død i «Spansken» da ho gjekk med barn
g2.m. søster til sin første kone (fekk fem barn)  bodde på Askøy i Bergen
Thora (f.   ) g.m. Ole Kristiansen som arbeidde ved jernbana bodde i Spikkestad. 3 barn Klara, Oddveig og Ola (aktiv i motstandsarbeid under krigen – måtte flykte og vart borte).
Rønnaug (f.  1894) g.m. Nils Moen frå Skjåk og budde i ei stugu ovanfor vegen ved Nygarden i Skjåk.
Torø (f. 1897) g.m. Ole Kristiansen frå Lunner. Busette seg på Spikkestad.

Syskjenflokk:
Erland / Erlend f. 1861
Ola f. 1863
Eldri f. 1866
Kari f. 1869 d. 1869
Kari f. 1870 (fløtte til Amerika)
Embjørg f. 1872
Else f. 1875 (fløtte til Amerika)
Jon f. 1977