Maria Haugtrædet Øyjordet

Fødd (20/9 1895 – 22/8 1989)
Gift med Jon Øyjordet (2/1 1891-22/8 1969)
Mor: Anne Torsteindotter Moløkken (9/4 1864 – 12/4 1944)
Far: Ola Jacobsen Biløygard Haugtrædet (10/7 1858 – 12/4 1944

Born:
Ola (f. 5/12 1916),
Oddmund (f. 20/10 1919 d.  )
Magnar (f.15/9 1922 d. )
Anna Teigen (f.22/7 1925)
Reidar (f. 15/3 1927),
Trygve (f. 12/8 1928 d. )
Jarnfrid Glimsdal (f. 3/8 1930),
Målfrid Fyrun(f. 3/8 1930)
Ragnar (f. 18/3 1932)
Thea  (f. 9/5 1935)

Syskjen:
Anne f. 1888
Julie f. 1890
Tea f. 1893
Rønnaug
Anna
Lars f. 1898
Jo
Torbjørn
Ei jente til som dø som lita?

Maria var fødd på Gjeiloshagen i Skjåk (rett ovafor Nygarden). Familien fløtte så litt sørover til  Haugtrædet rett ovafor Sygard Gjeilo der ho voks opp i ein syskjenflokk på 10. På Haugtrædet er det spor etter huset. I folketeljinga i 1900 står det at Ola, Anne, Anne, Julie, Tea, Marit  og Lars budde der. Det var «utsæd kort og potet / kreaturer: Fjørkre. Haugtrædet er ikkje nemnd i folketeljinga i 1875.

Maria måtte tidleg ut på arbeid, fyrst på Nørstnes og så seinare på Vengen i Finndalen. Ho traff Jo, som arbeidde på Sygard Gjeilo og dei gifta seg på Lillehammer i 1916. Ho varda 21 år. Dei kjøpte Turrmoen på Dalom der Ola, Oddmund og Mangar kom til verda. Seinar fløtte familien til Fyrun i Garmo der Anna vart fødd. Til sist kom familien til Graffershaugen i Vårdalender der familien voks til 12. Ho Maria var strevsam kvar enn det var ho for. Ho dugde til det meste som kjerring og som mor, står det i sangen.

 

Heimen til Maria og familien i Vårdalen. Måleri laga av Dagny Dalen til Alma og Magnar Øyjordet. Klikk på bildet og sjå det i større format.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skrive om Maria av Oddbjørg Blakar i Heim og Bygd 1989 – det året ho gjekk burt, nesten 94 år gamal (takk til Oddbjørg for dei fine orda):
Av og til kjenner ein trong til å reise ein slags bauta over dyktige menneske som det ikkje vart gjort særleg krus på med dei stod midt i stimet. Maria Øyjordet var ei slik. Sjølv om ho var med i Ottadalsradioen ein gong i seinare tid, vert det fort gløymt, og mange fekk ikkje høyrt det. Når eg vil laga eit lite minnesmerke på dette viset, er det samstundes for å ære dei kvinnene som har lagt ned eit så stort arbeid i heim, familie og grend utan å få nokon fortenestemedalje.

 

Maria voks opp på Haugtrædet under Sygard Gjeilo i Skjåk. Ho kom tidleg ut i arbeidslivet som budeie, men vart opplært til alt slags arbeid heime i ein stor syskenflokk. Som gift med Jo Øyjordet frå Bøverdalen, flytte ho til Graffershaugen i 1925, og der fekk ho sjølv litt om senn ein stor familie: 10 born voks opp der.

 

I alt arbeid var ho med: bar inn avlinga frå jordet, og stelte alltid godt i fjøset, der dei hadde mange dyr på det vesle bruket, som forresten minka ein del under storflaumen i 1938. Jo var flittug som få, og fekk borna og med på det, både å sanke for til krøterea og å plukke  bær om haustane for levering på Torger-bua. Mellom anna fekk dei «Nyttevekstforeningens diplom» med sylvskei, ein gong i 30-åra. Men attåt alt dette stellet rakk Maria å binde og baka for andre og. Ein vått batt – eller hekla – ho etter at ongane var i seng, og rokken surra ofte til klokka var både 2 og 3 om natta. Da var det arbeidsfred.
Når ho baka, såg ein mest aldri at ho reiva leiven rundt fløygen for å leggje han over på hella. Ho lyfta leiven opp med fløygen for å leggje han over på hella. Ho lyfta leiven opp med fløygen litt i nokre raske tak så ho fekk lura luft under, og vips! slengde ho han over . Det såg ut som ein leik.
Ei sjeldan sterk helse var ho utstyrd med, og brukte hender og rygg slik at dei heldt ut til aller siste åra. Alltid hadde ho eitkvart i hendene. Også når ho gjekk, var bundingen der og garnet i ein bundingsklåvå festa i forkledet. Det var heimespunne og heimeleta garn støtt, ho brukte mykje mose til farging når det ikkje var sau-grått.

 

I symaskinen var ho så hendig at ho sydde det dei trong til ongane kom i konfrirmasjonsalderen. Og var nokon nødd om nytt plegg til råndastakken, var ho god til det og,  anten det skulle vera nuppereller eller annan pynt på. Ein mester var ho til å få alt pent og passleg, og med vanskelege mønster på våttar og sokkar om så skulle vera.Om vintrane dreiv Jo og gutane mykje i skogen. Da utstyrde Maria dei med reivaleggjer mot snøen, og i skorne hadde dei krullhår-solar ho hadde gjort. Ho fortalde korleis dei var laga: kurompe (tagle) som var vel vaska, vart kokt, og teke så varm som råd og reiva rundt ein tunn pinne der den fekk tørke. Så vart den karda opp, forma etter fot og sko, og så stikka med nål og tråd til faste solar som var både varme og sterke, så dei heldt forma.

 

Når karane dreiv i skogen var det Maria og jentene som bar vatn til folk og dyr frå Vulu. Om sommaren rann ein bekk mellom husa. Ein vinter var Jo lenge på sjukehust på Lillehammer. Da var ho jamvel med gutane i skogen. «Ellers blir  det ikkje til noko med dei», sa ho. Så greitt og enkelt var det.
Fyrste tida ho var gift, vov ho mykje til sengeutstyr. Sia vart det ikkje tid eller plass til vev før ho hadde «ale utu». Men da gjekk ho i gang att med vev, både til større og mindre åkle og til filleryer. Der kom den sikre fargesansen til syne. Da ho var 80 år, laut ho på sjukehuset og fekk fjerna eit nyra. Men eit par dagar etter sat ho i senga og hekla. Ho var ekspert på det, og det vart ein utal sengeteppe av det. Alle borna og mange av barneborna fekk kvar sine, andre vart selde. Sume vart hekla i eitt stykke, så det vart eit stort, tungt arbeid til slutt.

 

Maria sa sjølv at ho hadde vore heldig, «for når det vart slik for meg at eg skulle få så mykje bruk for å spinne og binde, kunne det ikkje passa meg betre. Eg har da aldri visst noko som var løylegare». Og rokken vart det som til sist fylte dagane så lenge ho orka. Ho hadde så god rokk, sa ho ein gong ho synte fram at ho hadde fått nytt hjul: av ein sykkel. Det gjekk på kulelager så lett og jamt. – Berrre siste året kvilde hendene, så dei heldt ut eit langt og flittugt arbeidsliv. «No vil eg ikkje spinne meir her i verda», sa ho da ho tok avskjed med rokken.

 

På dagen 20 år etter at ho vart enkje, fekk ho leggje seg ned for godt. Da var ho nesten 94 år. Vi som var så nære grannar i alle år, hadde mykje å takke ho for. Kvar einaste skuledag gjennom heile folkeskulen var eg innom Haugen og hadde fylgje frå der.  Eg hadde nok ikkje vet på – den gongen – å setja meg inn i kva for ein arbeidsdag dei hadde, ho og Jo, utan vatn inn eller ut, med liten plass, og utan ljos ute eller inne, – som andre da.

 

I dag kallast det «dobbeltarbeidande» når dei har arbeid borte og steller heimen med alle tenkjelege tekniske hjelpemiddel. Maria var nok 3-dobbeltarbeidande, men ho og mange med henne var det utan at det var sett ord på det. Vi bør bøye oss i takksemdt og vørnad, og vera meir tilfreds slik vi har fått det i dag.

 

Klikk på og les minne frå barndomsåra skrive av Anna Teigen til slektstemne i 1993

 

Sang skriven av Reidar og Kristbjørn:

Vi syngje vil ein song, vi som samla er her no.
Vi er ein stor familie etter Maria og Jo.
For Maria og Jo
som sleit og gav så mykje
vi saman er her no.

 

I 1891 vart han Jo fødd til vår jord.
Det truleg var på Sygardsplassen, heimen åt si mor.

 

Og mora heitte Marit, og Ola var hans far.
Og borna dei var fire, der Jo var eldste kar.

 

Åt Visvollen dei flytte og Glømsdalskleiva med.
På Øyjordet (det søre) dei sidan slo seg ned.

 

Han Jo vart tidleg farlaus og legdegut han vart.
Han fekk vel tunge stunder i livet etter kvart.

 

han var vel knapt nok seks då åt Gaupar vegen gjekk.
Og krøkje, Øverbø vart og «heimar» som han fekk.

 

Så vart det Sygard Gjeilo i Skjåk og fleire med.
Han vaks opp utan heim, utan leik og utan fred.

 

På Haugtræadet i Skjåk var om lag på same tid
ho Anne og han Ola med borna, heile ti.

 

Ei jente var Maria. Dei flytte også tidt.
Men innhuset på Haugtrædet var det ho kalla sitt.

 

Men tidleg ut i teneste måtte jenta lell.
På Nørstnes fyrst ho streva, ja radt til seine kveld.

 

I Finndalen ho underbudeie var ei tid.
Og staden heitte Vangen. Og jenta, ho var blid.

 

Ein gong i 1916 på Lillehammer stod
eit bryllaup, og det var mellom Maria og Jo.

 

Ho Maria fekk kjærleik, om dagen tidt vart strid.
Han Jo fekk no ein heim han hadde sakna all si tid.

 

Dei Turrmoen fekk kjøpt. Hen ligg nordpå Dalom der.
Og Ola, Oddmun, Magnar der alle fødde er.

 

Åt Fyrun nedi Vårdalen flytte dei så ned.
Der fekk dei ryste jenta. Det var ho Anna, det.

 

Den siste flytteferda åt Graffershaugen gjekk.
Der treivst og der dei alle dei siste borna fekk.

 

Der vart han Reidar fødd og han Trygve føddest så.
Og tvillingane, Målfrid og Janfrid etterpå.

 

Då Ragnar og ho Tea var fødde, var det nok.
No var dei ti i talet. Ein stasleg ungeflokk.

 

Han Jo for ut på arbeid og han dreiv skog og gard.
han var ein flittig strevar, ein ektemann og far.

 

Ho Maria var strevsam kvar enn det var ho for.
Ho dugde til det meste som kjerring og som mor.

 

Det er nok enno mykje som ikkje er fortalt.
Men her er ikkje vers nok til å få med seg alt.
For Maria og Jo
som sleit og gav så mykje
vi saman er her no.