Anders Jonsen Kroken

ANDERSJOFødd 12/1 1851 – d 1939
Gift med Marit Olsd Visvolden, f. 2. mai 1850 d. 1914.
Mor: Embjørg Andersdotter Sæterdalen, f. 9. mai 1828
Far: Jon Amundsen Brimiskjellen, f. 1828

Syskjen:
1. Ingrid Jonsdtr. f. 23/8 1855 g. Være i Trondheim,
2. Amund Jonsen f. 2/3 1859, var yrkesmilitær, budde i Stockholm
3. Embjørg Jonsdtr. f. 1/11 1861 g. Wormdahl, Oslo,
4. Rønnaug Jonsdtr. f. 1864 (1863?)
5. Gunhild Jonsdtr. f. 1867? ,g.m. Fredrik S. Nilsen,
6. Ivar f. 1870, gift, budde i Oslo
Alle syskena til Anders flytte ut or bygda etter kvart.

Anders og Marit fekk 8 born, John (f 1875), Kari (f 1878), tvillingane Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola, (f 1890) og Amund og Hans (f 1894). I 1893 reiste eldste-sonen, John til Amerika. Han har seinare brukt namnet Jo eller Jon Andersen. 

Les meir om Anders i Prest-Kroken her frå Heim og Bygd 2005

Sjå om utvandinga til Amerika frå Medalen

Sjå dagboka til Anders Jonsen Kroken 1886 – 1889

Foreldra til Anders var husmenn i Garmo. Dei budde på ulike husmennsplassar i bygda. I 1865 er dei husmenn på Brimiskjellen , ein husmannsplass (under Brimi?). Dei budde også på husmannsplassen Hovtyen i Garmo (?).

Den 7. Juni i 1872 gifta Anders Johnsen seg med Marit Olsd. Visvollen. Ho var fødd den 2. mai i 1850 og døydde i 1914. Ho var Bøverdøl, Visvollen var ein husmannsplass under Hoft. Foreldra hennar var Ole Nils. Slettvolden og Kari Erlandsd. Dei fekk 7 born, Marit (stor-Marit, f 1850), Brit, (tvilling med Marit), Rolv (f 1851), Erland (f 1855), Marit (vetl-Marit, f 1857) , Livø (f 1859) og Hans.

Rolv (Rolf) var far til Jørgine Boomer, Marit vart altså tanta hennar og Anders «fille-onkel» som vi seier i Lom.

Anders og Marit fekk 8 born, John (f 1875), Kari (f 1878), Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola,(f 1890) og Amund og Hans (f 1894).

I 1875 var Anders Johnsen 24 år. Han har gifta seg med Marit, og sonen John er 1 år gamal. Dei bur i Medalen, Aasen. Aasen er eit husmannsbruk under Røysheim. Anders er «inderst, bygningstømrer og dagarbeider». Han eig 2 sauer. (Ein inderst er ein person som bur til leige.)

I 1890 budde fam. På Søre Øyjordet, ein husmannsplass under Sygard Gaupar. Der vart Ola fødd. Stugu der var på to rom utan dør imellom.

I 1893 reiste eldste-sonen,  John til Amerika.

I 1898 flytte fam til Engjom som var husmannsbruk under Glimsdal. Engjom låg inntil Hovdeseterene, så det var nesten til fjells. Plikta til Anders var å gå til husbonden når han vart kalla på. Anders fekk likevel tid til å drive med anna arbeid. Han dreiv med slakting om haustane. Om vinteren gjekk han i fjellet ved Lauvhøe i Visdalen og jakta på rype. Han jakta medan det var «skotljost». Så hadde han med seg kjelke som han leste på ved før det bar heim att. Han kom aldri heim att før det var myrkt. Da kunne han ha skote 5-6 ryper som han fekk 40 øre stykket for. På Engjom hadde fam. 1 ku og nokre sauer. Stova var berre på eitt rom. Det var ei lita stove til der, men den kunne brukast berre om sommaren. Inn under der var det ei aur-bu.

Frå Engjom flytte familien til Visvollen, som var husmannsbruk under Hoft. Der hadde dei også ei ku.

I 1900 er dei husmenn under Sulheim. Berre dei tre yngste borna bur heime. Det er Ole (Ola) på 10 år og tvillingane Amund og Hans på 6 år.

Anders og familien flytte ofte. Han trudde kvar gong han skulle få betre vilkår.

Anders skriv i dagboka si: «Amun døde 27. April 1905 Den 5. Mai 1905 var begravelsesdagen.»

I 1905 flytte familien til Prest-Kroken. Dei eldste borna er no reist til Amerika. John reiste i 1893, Kari 1897, Embjørg og Marit i 1901 og Rønnaug i 1904. Familien kom til Kroken som husmenn. Det var inga plikt, men dei skulle betale 30 kr året i leige. Anders kjøpte husa for 600 kr. Leige av jorda kosta kr 24 kvart år.

Den 1. juni i 1907 skriv Th Børresen: » Anders Jonsen Kroken har i dag betalt husleieafgift for Kroken for leieåret 1906/07 efter 4 % af kjøbesummen for husene med kr 24. «

Det var ei stove med to kleva, fjøs, låve og eit stabbur. Ved og gjerde-materiale fekk dei finne i skogen som høyrde til, men ikkje hus-materiell, da Anders kjøpte husa og ikkje leigde dei. I Kroken hadde dei 2 kyr, nokre sauer og ein og annan gongen eit ung-naut.

I 1908 reiste Ola til Amerika i lag med eine systera som var heime att ein tur.

I 1913 vart Anders att åleine i Kroken. I dagboka står det: » Marit, født 2. Mai 1850 døde 6. November 1913 af slagtilfælde. Hun livde i 9 timer efter hun faldt ned.»

Ola kom att frå Amerika i 1914, etter at mor hans døydde. På grunn av krigen vart det ikkje til at han reiste over att.

I 1919 gifte Ola seg i Bergen med Anna Kristofferd. Gjerde frå Lærdalsøyri. Dei fekk 6 søner. Den eldste Arne, var fødd i 1920. Kaare kom til verda den 10. Aug i 1924, altså rett etter at fam til Tor Jonsson flytte frå Kroken.

Det vart ei opprivande rettssak mellom Anders og Johannes Jonsson om kven som skulle overta Kroken. Johannes var far til diktaren Tor Jonsson, og Anders hadde leigt bort jorda til han. Anders vann til slutt.

Anders vart svært hjelpetrengande dei siste åra han levde. Barnebarnet Kaare var då såpass stor at han fekk mykje av arbeidet med dette. Anders vart blind, og  han var lam. Dette i tillegg til at han var svært stor til den tida å vere, vel 195 cm høg , gjorde at dette vart eit tungt og krevjande arbeid.

Anders var sengeliggande dei siste åra. Han låg i «klæva» i Kroken, eit lite rom med jordgolv. Ungane var ofte inne hjå Anders. Han hadde brunsukker å spandere. Han var svært flink til å fortelje eventyr og syngje for dei, gjerne salmar. Han var religiøs. (Fortalt av Alma Øyjordet i 1999)

Grannane i Kroken på denne tida:
-Øvre Eggen: Husa som er der nå vart bygd opp av Hans Andersen Kroken, sonen til Anders. Kven som hadde budd der før han, veit eg ikkje.

-Trædet: Murane etter denne husmannsplassen er lokalisert i Andvordsjordet til venstre for Eggjastugu. Sylfest Stamstadbakken skal ha budd der som gutunge.Sletta, der Alma bur no, har vore ein dyrka jordlapp under Trædet.

-Det har også vore husmannsplass der Reidar Øyjordet har bygd seg hus.

Eg veit ikkje kva det heitte der.
-Nedre Eggen: Der budde Kari og Nils Strandheim til Hans Eggen kom aatt for å bu og drive der.

-Trondsonstugu: Der budde Bråtet-folket.

Dei husa som var her da Alma var jentunge, ho flytte til grenda da ho var 5 år:
Stugu bygd på tomta til Kvehaugen, mor hennar flytte dit i (?) saman med dei tre borna.

Nedanfor var det to hus; Katrine-stugu (nederst i jordet i Kroken), der Kari Aukrust budde då eg var lita, og ei lita stugu på tomta til Hovde, der budde Tore Skamsdalen (veit ikkje om det var han som bygde )
Det var ikkje fleire hus i Røyskattlia den gongen, det var træde under Prestgarden. Det var ikkje veg til Kroken heller.

Nedover mot Bergom var det Doktergarden og Losjehuset.
Dei fyrste husa nederst i Røyskattlia var det Halvard Hoft (far til Maria) som  bygde. Han bygde fyrst det vesle oppi garden der, fam budde der medan dei bygde storhuset. Simen Kolden var den andre som sette opp hus der. Huset til Klara og Ivar Lien

OLAANDER 2
Familien til Anders og Marit .Frå venstre: Anders, Ola, Rønnaug, Amund, Marit og Hans. Fotografert før 1904. Anders Kroken eig fotografiet.

Etterslekt Anders Jonsen Kroken og Marit Hansdotter Visvollen
1. Jo Andersen,f. 1874,g med ?, ingen barn
2. Kari Andersdotter,f. 1878, g. med Gilbert Larson Vetlhaugen
2.1.Albert Larson, g med Eleanor
2.1.1.Lynn Larson
2.1.2.Karen Larson
2.2.Louis Larson,g med Mildred
2.3.Clara Larson,g med Sever Gilbertson
2.3.1.Glenn Gilbertson
2.3.1.1.Melanie Gilbertson
2.3.1.2.Tod Gilbertson
2.3.1.3.Carter Gilbertson
2.3.2.Jean Gilbertson
2.3.3.June Gilbertson
2.4.Marie,g med Olaf Olsen,7 barn
3.Embjørg Andersdotter,f.1882, g.m. Sevald Hansen
3.1.Catherine Hansen,g med Oscar Magnus
3.1.1.Elton Magnus
3.1.2.Neil Magnus
3.1.3.Alice Magnus
4. Marit  Andersdotter,f.1882,g med  Teodor Borgen,ingen barn
5.Rønnaug  Andersdotter,f. 1886,g. med ? Jensen frå California
5.1.Amy Jensen, g med Bill
5.2.Floyd  Jensen,g med Mae
5.2.1.  Sandy Dahl
5.3.Roy Jensen
5.4.Ralph Jensen
5.5.Alice Jensen
6. Ola Andersen Kroken,f  1890,, g.m. Anna Kristofferd.Gjerde f.  1899-d
6.1 Arne Ols.Kroken,f 1920,g med Borgny Ultrimark
6.1.1.Frede Henrik Kroken,f 1945
6.2. Kaare Ols. Kroken,f 1924,g med Jofrid Olsd. Slettom,f 1929
6.2.1.Odd Arne Kroken,f 1960
6.2.2.Aud Kroken,f 1961,g med Ola Gjeilo,f 1958
6.2.2.1.Rolv Gjeilo,f 1987
6.2.2.2.Synne Gjeilo,f 1988
6.2.2.3.Vetle Gjeilo,f 1991
6.2.2.4.Haakon Gjeilo,f 1994
6.2.3.Vigdis Kroken,f 1964
6.2.4.Jon Kroken,f 1966, samb med Jorunn Falling
6.2.5.Kjell Kroken,f 1966,samb.m Ann-Kristin Hagen
6.2.5.1. Kristoffer Kroken,f 1997
6.3. Magne Ols. Kroken,g med Jenny Kråbøl.d 2000
6.3.1.Ola  Kroken,f 1951,g med Gunvor Thori f
6.3.1.1.Marthe Thori Kroken
6.3.1.2.Sigrid Thori Kroken
6.3.2.Bodil  Kroken
6.3.2.1.Stian Kroken
6.3.3.Mette Kroken, g med Per Arve Stølan
6.3.3.1.Joachim Stølan,f 1981
6.3.3.2.Maiken Stølan Kroken ,f 1986
6.4 Gunnar Ols. Kroken,g ,med Olga
6.4.1.Mari Anne Kroken
6.4.1.1.Marius Kroken,f 1995
6.5. Åmund Ols. Kroken,g med Randi Byre
6.5.1.Anne Grethe Kroken,f 1961
6.5.1.1.Christine
6.5.1.2.Cecilie
6.5.2.Wenche Kroken,f 1964,samb med Vegard Haugom
6.5.2.1.Randi Marit Haugom,f 1991
6.5.2.2.Odd Åmund Haugom,
6.6. Ivar Ols. Kroken,g med Irene Kristoffersen
6.6.1.Geir Owe Kroken,f 1966
6.6.1.1.Kim Andre
6.6.1.2.Ole Jacob
6.6.1.3.?
.6.6.2.Kjetil Kroken,f 1968,samb m Inger-Janne
6.6.2.1.Mads Kroken
6.6.3.Heidi Kroken
6.6.4.Jon Ivar Kroken
6.6.5.Ola Tarjei Kroken
7.Amund (f. 1894) (død ung av strupekreft?)
8.Hans Andersen,f. 1894 -d 1978,g.med  Mari Jakopd. Øyen,f 1900 -d 1947
8.1.Anders Kroken,f 1923,g med Anna Marsteintrædet
8.1.1.Margot Kroken,g med Oddmund Svaet
8.1.1.1.Kjell Arild Svaet
8.1.1.2.Odd Arne Svaet
8.1.2.Aase Kroken,g med Jarle Yttre
8.1.2.1.Marit Yttre,g med Alf Borgen
8.1.2.2.Arne Yttre,
8.1.3.Astrid Kroken,g med Helge Sandvoll(skild)
8.1.3.1.Elisabeth Sandvoll
8.1.3.2.Arnt Ivar Sandvoll
8.1.4.Halldis Kroken,g med Odd Egil Ringebo
8.1.4.1.Hans Olav Ringebo
8.1.4.2.Anders Ringebo
8.1.5. Unni Kroken,g med Magne Tor Bakke
8.1.5.1. Anne Mette Bakke,f 1988
8.1.5.2.Tor Arne Bakke,
8.2.Jon Kroken,f 1932,g med Helene Johannesd. Jordhøy
8.2.1.Marit Kroken,f 1954,samb med Lars Andreassen
8.2.1.1.Miriam Kroken Andreassen
8.2.2.Stein Kroken,f 1956
8.2.2.1.Andreas Guin Kroken
8.2.2.2.Maiken Guin Kroken

Prest-Kroken oppi Lia på 1800-talet frå postkort