Jofrid Olsd. Slettom

F. 15/12 1929
D. 25/2 2004
Gift med Kaare Kroken (f. 10/8 1924) (d. 16/1 1997) gift 11/7 1959
Mor: Anne Kvåle (f. 3/10 1895) (d. / 1963)
Far: Ola Slettom (f. 23/9 1900) (d. 17/5 1945)  

Born:
1. Odd Arne Kroken, f. 1960
2. Aud Kroken, f. 1961
2.1. Rolv Gjeilo, f. 1987
2.2. Synne Gjeilo, f. 1988
2.3. Vetle Gjeilo, f. 1991
2.4. Haakon Gjeilo, f. 1994
3. Vigdis Kroken, f. 1964
4. Jon Kroken, . 1966
5. Kjell Kroken, f. 1966,
5.1. Kristoffer Kroken, f. 1997

Syskjen:
1. Laurits Kvåle g. m. Laura vart buande i Gaupne i Luster
2. Astrid Olsd. Slettom, f. 9/12 1920 g.m. Olav Sletten, Skjåk
2.1. Per Sletten
2.2. Ola Sletten
2.2.1. Tove Sletten
2.2.2. Rune Olav Sletten
2.3. Ingvald Sletten
2.4. Leif Arvid Sletten
2.5. Anne Lise Sletten
2.5.1. Torkild Husom
2.5.2. Astrid Husom
2.5.3. Kristin Husom
2.5.4. Eva Rønningen
3. Marit, f. 1921 g.m. Lars Skjerpingstad, Lom f. 10/11 19
3.1. Ester

Besteforeldra til Jofrid kjøpte Kvåle i 1906 da mor til Jofrid, Anne, var ni år gamal. Familien kom da frå Øyjordet i Medalen. Anne var eldst av alle og den einaste jenta i ein søskenflokk på seks. Ho måtte hjelpe til på garden og i 20 års alderen fekk ho ein gut (Laurits). Faren til Laurits heitte Nils Vurvold. I 1920 gifta Anne seg med Ola. Dei budde da ei stund på Kvåle. I desember fekk dei tvillingane Astrid og Margit. Dei var båe svake og Margit gjekk bort berre fire veker gamal.

Foreldra til Anne, Marit og Lars, kjøpte Kvåle i 1906 da Anne var ni år gamal. «KARL HØGBERG – Kvåle gård i Lom 1932». Aud har kjøpt dette maleriet.

Frå der fløtte familien til Bøstugu. Der vart Marit fødd. Så fløtte dei til Ysthuset, eit hus som stod nedved vegen ved Stubbom. Frå der gjekk fløttelasset til ei stugu i Hågå (Hågåbakkstugu). Da var Astrid fire år og Marit tre.  Dette var ei svært vanskeleg tid. Det var ikkje arbeid å få for Ola og Anne sette opp ein vev og vov råndastakkty. Dei fire budde ei stutt tid i ei stugu i Juland og frå der fløtte dei til Aukrustbakken (Sygard Aukrust).

Da tok Astrid til på skulen på Gutubøteigen og Jofrid kom til verda. Her hadde dei ei ku og nokre geit. Der var dei til Jofrid var seks år gamal. Da fløtte dei til Live Klepp nordafor ysteriet.  Der vart familien berre eitt år og så gjekk turen oppi Klepp. Eit par år seinare kom Synne Klepp, tanta til Ola heimatt og skulle ha att stugu. Familien måtte atter ut på flyttefot, nå til bedehuset «søpå strånd». Men etter to nye år gjekk Synne bort og familien kunne fløtte attende til Klepp der familien vart buande.

Ola gjekk bort berre 45 år gamal og Anne vart dermed tidleg einsleg forsørgar for familien. Ho var mykje borte på bakst og gjekk heilt nedpå Bergom på arbeid. Og det var lange arbeidsdagar frå kl. sju om morgonen til ni om kvelden. Ho fortalde at ho hadde ti kroner dagen. Då ho vart eldre tok ho til med å veve åkle. Folk kom heim med kvitt garn som Anne farga. Det vart mange åkla på dei åra ho fekk halde på. Berre til ein i Skjåk vov ho heile ni åkle – eit til kvar av ungane. På sine eldre dagar vart Anne plaga av leddgikt, noko som særleg gjekk ut over fingrane. Ho måtte derfor trappe ned med vevinga.

Jofrid har fortalt dette. Ja, mor hadde i grunn eit slitsamt liv, men ho var bra tilfreds likevel.


Jofrid dreiv mykje med håndarbeid og laga denne «permen» i 1982.

Sjå bilde frå Kroken