Synne Jonsd. Gjeilo f. Vaagaasar


Født 6/8 1893
Død 1962

Gift med Ola Gjeilo den 2/5 1912

Mor: Julianna Engum (f. 1862)
Far: Jon Gjeilo Vaagaasar (f. 1864)

Born:
Embjørg f 8. mai 1913 d 10. jan. 2011 g m Lars Ols. Gjeilo
dig. mus. dig mus. Geni
Torø f 29. september 1915 d 3. sept. 1998, g m Ola Rudsar dig mus.  Geni
Julianna, f 19. desember 1917 d 16. okt. 1998 g m Ingvald Strandi, Morgedal.
Gregor f 18. mars 1920 d 27. april 2008 g m Åse
5. Frans f 20. sept. d 3. mars 2002 g m Thea dig. mus.Geni

Syskjenflokken til Synne:
Rolv (1887-1937)
Halvard (1889-1973)
Olvar (1890-1968)
Synne og Livø (tvillingar som død unge)
Synne (1893-1962)
Kristian (1895-?)
Gregor (1897-1974)
Livø (1898-1969
Tea (1900-1987)
Hans Albert (1902-1963)
Anna Mari (1906-1994)

Rolf Johnson Vaagaasar, eldste bror til Synne, fekk øydelagt sine draumar om eit nytt liv i eit nytt land da DS Norge forliste ved Rockall vest for Skottland kl. 7 om morgonen den 28. juni 1904

Jo/Jon/John Rolvson Gjeilo Vaagaasar, far til Synne, vart gift med Julie Halvorsdotter Engum. Jon / Jo voks opp på Sygard Gjeilo men kjøpte seinare Vaagaasar saman med kona Julie. Dei to fekk i alt 13 born. Ei av dei var Synne f. 1893, som vart fløtt til onkelen sin som ung, Gregorius Rolvson f. 1848 – eldste bror til Jon og kona Torø Persdatter Vaagaasarøygard. Dei to fekk ikkje born sjølve og tok til seg Synne som si eiga. Synne vart seinare odelsjente på Sygard og tok over garden samen med Ola Franson frå Søre Gjeilo som ho gifta seg med i 1912. Før Synne kom til Sygard er det sagt at fleire av dei eldre brørne hennar var på besøk på Sygard med tanke på flytting, men «steast» ikkje. Det vart derfor Synne som eldste jente som måtte flytte. Sikkert ikkje noko enkelt for ei lita jente. Synne budde på Sygard under folketeljinga i 1900 og var da sju år gamal.

Synne var fødd og voks opp på Vaagaasar i Lom saman med ti ungar. To av desse (Kristian og Halvard) reiste til Amerika i ung alder. Ho fløtte sjølv, eller vart fløtt, til Gjeilo i Skjåk til onkelen sin Gregorius Gjeilo og Torø Vaagaasarøygard på Sygard Gjeilo som adopterte ho som si eiga datter. Dei bar ikkje fram levande barn sjølve.

Synne vart seinare gift med Ola Fransson Gjeilo som kom frå nabogarden Søre Gjeilo. Faren hans, Frans, hadde tidlegare kjøpt Søre Gjeilo. Denne garden var tidlegare eigd og driven av Sølfest Olsen Gjellhaug, som under tellinga i 1900 budde på garden saman med bestefaren Sølfest Rolvsen Gjellaug (f. 1824), Marit Olsdatter Aanstad (f. 1882) «husholderske» og Anna Olsdatter Haugtrædet «budeie og tjener». Det er fortalt at Sygard AAnstad stemde på retten på garden etter at familien til Ola hadde kjøpt garden og fløtt inn. Men den tidlegare eigaren insisterte på at Frants, Embjørg, Ola og søstrene skulle ha garden og det vart ingen takst.

Rolf Johnson Vaagaasar fekk øydelagt sine draumar da DS Norge forliste ved Rockall.
Den siste som vart berga frå det «gløymde» forliset som Even Lusæter har laga.
Bygdahistorie frå Gjeilosstronde

Histoira om Sygard (Nordre) Gjeilo og Søre (Søpå) Gjeilo.
Bilde frå Sygard Gjeilo og setra på Neto.
Anetavle utarbeidd av Ola Franson.
Avisoppslag i GD 1958 om gardsdrifta på Sygard.
Fotoalbum frå Gjeilo som Tea har skrive ned notat i.

Lilja i rondastakk etter si oldemor (Thea Gjeilo f. Øyjordet), og Synne i rondastakk etter oldemor (Synne Gjeilo f. Vaagaasar). Barnedåp 3/5 2026.
Oppslag i GD om bunaden etter Synne.

På garden (Sygard) budde det under tellinga i 1900 i alt 12 personar:
Gregorius Rolvs. Gjellaug – selveier og gaardbruker f. 1848
Torø Pederdatter Gjellaug – gaardmandskone f. 1863
Synne Johnsdatter Vaagesar – arbeider i huset – pleiedatter f. 1893
Tjøstel Hans. Kmamsøderjor – tjener f. 1879
Sigurd lars. Gjellaug – tjener f. 1883
Rønnaug Erlandsd. Gjellaug – tjener f. 1879
Torø Gregoriusdatter Bakken – føderaadskone og farsøster til Gregorius f. 1827 I Føderaadshuset budde Synne Olsdatter Gjellaug f. 1823 som var føderaadskone og dattera Anne f. 1872.

På garden Sygard budde det under tellinga i 1875 i alt 16 personar:
Rolf Gregoriusen f. 1815 og kona Synne f. 1823, borna Gregorius f. 1848, Ole f. 1858, John f. 1864, Rolf f. 1866, Synne f. 1852, Kari f. 1855, Embjørg f. 1860 og Anne f. 1871, trenerstedrengen Ola Nilsen og tjenestepiken Thorø Sevadsdatter. På garden budde også Gundhild f. 1844, som også var dotter til Rolf, saman med mannen Ole Olsen f. 1828 (arbeidde som skrædder og tømmermand) og sonen deire Ole Olsen f. 1874. Rolf Gregoriusen og familien eigde da 2 hester, 2 føl, 2 okser, 2 kyr, 14 kalver, 8 sauer, 49 gjeter, 28 svin, 6 ful, 1:2 by7 1:2 hal; erter 1:8;po6.
Familien til Ole Olsen og Gundhild eigde 1 ku, 2 sauer og 4 gjeter.

På garden Sygard budde det under tellinga i 1865 i alt 16 personar:
Rolf Gregoriusen f. 1815, Synne Olsdatr. f. 1823, borna Gregorius f. 1848, Ole f. 1858, John. f. 18667, Thorø, f. 1841 og sonene hennar Sølfest f. 1863 (Thorø er ei flyttet til Manden, står det i tellinga), Gunhild f. 1843, Rønnaug f. 1845, Anne f. 1849, Synne f. 1851, Kari f. 1854, Embjørg f. 1859, føderaadskona Thorø 76 år gml, tjenestedrengen Guttorm Hansen 19 år gml og Thord Johnsen, Inderst, Forpagter 59 år, Lom. På garden var det i 1865 3 hester, 23 kyr, 70 sauer, 19 gjeter, 5 svin og Utsæd; rug 1 1/2; byg 7;poteter 2 1/2.