Amerikaslekta til Aud

Amerikaslekta til Aud – etterkomarane til Anders Jonsen Kroken

Anders Jonsen var fødd i 1851.Foreldra til Anders var husmenn i Garmo. Dei budde på ulike husmennsplassar i bygda. I 1865 er dei husmenn på Brimiskjellen , ein husmannsplass (under Brimi?) Dei budde også på husmannsplassen Hovtyen i Garmo (?)

OLAANDER 2
Familien til Anders og Marit. Frå venstre: Anders, Ola, Rønnaug, Amund, Marit og Hans. Fotografert før 1904. Anders Kroken eig fotografietet.

Den 7. Juni i 1872 gifta Anders Johnsen seg med Marit Olsd Visvollen. Ho var fødd den 2.mai i 1850 og døydde i 1914. Ho var Bøverdøl, Visvollen var ein husmannsplass under Hoft. Foreldra hennar var Ole Nils. Slettvolden og Kari Erlandsd. Dei fekk 7 born, Marit (stor-Marit, f 1850), Brit, (tvilling med Marit), Rolv (f 1851), Erland (f 1855), Marit (vetl-Marit, f 1857) ,Livø (f 1859) og Hans.

1178
Theodor og Mary Marit Borgen sin hytte / sitt hus /claim shack i Adler foto på postkort sendt til Mor og Far frå Marit og Theodor sjølve. Marit var fødd i 1882 og farma ved Adler i ND det meste av sitt liv. Dei hadde ingen barn. Dei flytte til Aneta i ND etter at dei vart for gamle til å drive garden lenger. Farmen til Marit og Thodor låg like ved Lom Kyrkje. Ho var i Norge på vitjing på 60 talet. Marit var tvillingssyter til Embjørg. På bildet ellers står Clara som var syster til Theodor og mannen hennar Tom Myhren, Dei kom til Adler i 1903. Dette bildet er nok ikkje teke lenge etterpå.

Anders og Marit fekk 8 born, John (f 1875), Kari (f 1878), tvillingane Embjørg og Marit (f 1882), Rønnaug (f 1886), Ola, (f 1890) og Amund og Hans (f 1894). I 1893 reiste eldste-sonen, John til Amerika. Han har seinare brukt namnet Jo eller Jon Andersen.

Marit (Mary i Amerika) vart gift med Teodor Borgen – også han frå Lom. Her ved sin hytte / sitt hus /claim shack i Adler foto på postkort sendt til Mor og Far frå Marit og Theodor sjølve. Marit var fødd i 1882 og farma ved Adler i ND det meste av sitt liv. Dei hadde ingen barn. Dei flytte til Aneta i ND etter at dei vart for gamle til å drive garden lenger. Farmen til Marit og Thodor låg like ved Lom Kyrkje. Ho var i Norge på vitjing på 60 talet. Marit var tvillingssyter til Embjørg. På bildet ellers står Clara som var syster til Theodor og mannen hennar Tom Myhren, Dei kom til Adler i 1903. Dette bildet er nok ikkje teke lenge etterpå. Sjå heile kortet og baksida.

I 1905 flytte familien til Prest-Kroken. Dei eldste borna er no alle reist til Amerika. John reiste i 1893, Kari i 1897, Embjørg og Marit i 1901 og Rønnaug i 1904. I 1908 reiste Ola til Amerika i lag med eine systera (antakeleg Embjørg) som var heime att ein tur. Amund var da død. Han gjekk bort den 27. april 1905, berre 11 år gamal. I 1913 vart Anders att åleine i Kroken. I dagboka til Anders står det: » Marit, født 2. Mai 1850 døde 6. November 1913 af slagtilfælde. Hun livde i 9 timer efter hun faldt ned.»

Ola kom att frå Amerika i 1914, etter at mor hans døydde. På grunn av krigen vart det ikkje til at han reiste over att. I 1919 gifte Ola seg i Bergen med Anna Kristofferd. Gjerde frå Lærdalsøyri. Dei fekk 6 søner. Den eldste Arne, var fødd i 1920. Kaare kom til verda den 10. Aug i 1924, altså rett etter at fam til Tor Jonsson flytte frå Kroken.  Jon Kroken – syskjenbarnet til Kaare og son til Hans har fortalt at Hans kjørde ferdalass på frå Otta den tida Ola kom att frå Amerika. Ein efta han var på tur oppover frå Otta fekk han sjå ein skiløpar som gjekk på isen på Otta-elva. Han tykte han kjente vedkomande og da dei treftes viste det seg at det var Ola – på tur heim att frå Amerkia!

Ola Kroken under dyrking på jordet ved Presthaugen der nå Loar barnehage er.
Dette har Ola m.a. fortalt til Gudbjørg Knudsen i 1954:
Da eg var 18 år reiste eg til Amerika. Eg meinte at det var betre tider der. 3 av systene mine og ein bror var reiste før. Den eine syster mi var heime at ein tur og eg vart med henne. Vi var og i fylgje med Mathias Haugen som resite en gongen. Johan Larsen Køyrde oss med hest til Otta. Han skulle ha ferdalass oppover att. Biletten frå Oslo til Nord-Dakota kosta den gongen 320 kroner . Eg var i Maerika i 9 år. Men i 1914 da mor var død skulle eg reisa heim att og henta far. Men krigen gjorde at eg kom heller ikkje til å reisa over att.

Våren 1924 flytte familien til Lom. Ola og Anna skulle ta over Prest-Kroken, etter at Johannes Jonssen var frådømd retten til bruket. I august same året vart Kaare fødd i Prest-Kroken.

Jon Kroken er son til Hans og altså søskenbarnet til Kaare. Hans var den einaste av syskjenflokken som ikkje reiste over til Amerika. Han var over å besøkte sine brødre og søstre ein gong i 1952/53. Jon har sjølv vore å vitja slekta si i Nord Dakota og har skrive ned mykje interessant til Aud om dette (utdrag):

«Amerikaslekta vår er stor. Eg har på ingen måte full oversikt over barn, barnebarn m.m. Storparten av vår slekt er i Amerika. Eg var og besøkte slekta der sist på 80-talet og trefte mine søskenbarn. Dei gamle tanterog onklel var da forlengst borte. Eg har også ein del bilder frå den turen dersom du er interessert.

Jo Andersen f. 1874 hadde to farmar i McGregor i Vest-Nord Dakota. Ein av farmane var såkalla mineralfarm. Det vil si at det var oljeutvinning der. Jo var gift men hadde ingen barn.

Kari (Carrie) f. 1878 vart gift med Gilbert Larson (Vetlhaugen) i 1903. Kari døyde i 1924, Gilbert var da alt død (1919. Dei hadde desse barna: Albert g.m. Eleanor, Louis g.m. Mildred, Clara g.m. Sever Gilbertson og Marie g.m. Olaf Olsen. Alle barna til Kari og Gilbert er også døde.

Clara – eldste dotter til Kari – var den Norskaste av alle våre slektingar. Ho prata godt norsk og var levande interessert i i Lom og alt som hadde med det å gjera. Ho hadde m.a. alle bin av Norske Gardsbruk. Alle desse eg har nemnt her var farmarei Nord-Dakota. Av alle etterkomarane av desse kan eg nemne Glenn, son til Clara. Han har farm i nærleiken av der Kari hadde sin farm. Han pratar også godt norsk. Han er far til Melani og Tod som var på besøk i Norge og som du (Aud) har helst på. Dei har fleire syskjen. Eg har berre helst på Carter, Han var først i American Coast gard, men er nå flygar i American Airløines. Han flaug til Norge og skulle da besøke meg men eg har ikkje sett noko til han. Clara hadde også tvillingane Jean og June som var på besøk her i landet i 1959. Ektemennene deira var den gongen stasjonert i Tyskland i den Amerikanske hær.  Albert og Eleanor hadde barna Lynn og Karen. Lynn bur i Fargo. Han har slypark (17 fly) såkalle sprøytefly som blir brukt til sprøyting av åker og eng. Spesielt sprøyting av grashoppesvermar. Karen bur i nærleiken av  av Washinton D.C. Ho er dataingeinør. Marit, dotter mi har god kontakt med henne. Har har same utdanning og stilling så dei har felles interesser.

Louis og Mildred hadde farm i N.D. også. Dei har ho sønner. Far var på besøk i Amerika i eitt år. Den tida budde han for det meste hos Louis og Mildred. Han bygde på huset der medan han var der. Eg var med Mildred ut på farmen så eg fekk sjå det han hadde gjort. Mildred er organiset i Lom Kyrkje. som er ei fin, lita kyrkje i Niagare like i nærleiken av Karis gamle farm. Slektningane mine fann ut at dei skulle ha ein samankomst for meg i Lom kykje. Alt i alt var det 61 direkte slektningar + ein del andre. så det var ein stor oppleving for meg.

Marit og Olav (dei har båe gått burt etter at eg var på besøk der) hadde 7 barn som alle bur delvi si Sør og Nord Dakota. Mange av dei er farmarar.

Marit f. 1882 og Teodor Borgen hadde ingen barn. Dei hadde farm like ved Lom kyrkje. Marit var over her på 1960-talet.

Embjørg f. 1882 og Sevald Hanson hadde ei dotter, katherine. Ho var gift med Oscar Magnus og dei hadde farm i Petersburg (ikkje langt frå Adler og Lom kyrkje). Katherine lever enda men ho begynner å bli godt vaksen, snart 90 år  (skrive i 1998). Ho bur fortsatt i eit hus på farmen men det er sonen Elton som er farmar nå. Ho har ellers ein son Neil og ei dotter Alice. Alle er farmarar. Alle desse har eg helst på.  Jo og hans kone hadde ingen barn. Jo kom til slutt på ein gamleheim og gjekk burt der.

Rønnaug f. (Rina) 1886 var gift med Jensen (veit ikkje fornamnet). Han var vel håndverkar av noko slat. Dei budde også i ND til barna var godt vaksne. men eg trur Rønnaug flytte til California, like ved San Fransisco. Eg trur det skjedde etter at mannen hennar var død. Dei hadde 5 bar så vidt eg veit; Amy, Floyd, Roy, Ralph og Alice. Alice har eg ikkje helst på men dei andre kjenner eg. Amy og Ralph har vore her på besøk.

Floyd gift med Mae (svensk etta) hadde farm i Devils Lake ND. Da han vart pensjonist selde han farmen og kjøpte hus i sjølve byen. Eg var der og besøkte dei. men vi var også og såg på gamlefarmen. Den var nå brukt for hesteoppdrett.  Floyd var eldste sonen til Rønnaug. I tillegg til at han var farmar var han postbud. Dei har fleire born men eg kjenner ikkje til dei. Dei er spredt over heile Amerika. Sandy Dahl heiter ei dotter av dei. Ho har etter kvart fått ein namn i Amerkia som kunstnar – målar. Floyd og Mae er nå på gamleheim (skrive i 1998). Floyd har vorte nesten blind av grønn stær og dei nærmar seg 90 år båe to.

Ralph var her på besøk i 1997. Hans kone som eg ikkje hugsar namnet på døde i 1996. Ralph var i American Air Force i 30 år som pilog på diverse flytyper. Under krigen var han stasjonert i Kina og flaug bombemaskiner  over Japan. Etter krigen var han m.a. stasjonert på Thule, Grønland.  Han har også etterkomarar m.a. ein som er taubåtskipper på hamna i San Fransisko. Han har også ei dotter som er larar. Sjøv bur han i nærleiken av Phoenix i Arizona.

Amy er vel den yngstei søskenflokken men er likevel godt over 70 år (i 1998). Ho og Bill var her på besøk og da helste du (Aud) på dei. Bill (William) var tilsett på Douglas flyfabrikk i sitt yrkesaktive liv. Da budde dei i Seatle i staten Washington på Nordvest kysten av Amerika. Der bur og arbeider barna nå. Desse har eg ikkje noko kjennskap til. Amy var kombinert kontor/sentralbord-dame i ei bedrift i Seatle, Dei bur nå i Phoenix i Arizona. Søstra Alice veit eg lite om men ho baur også på Vestkysten.

Mitt håp er at døkk som er yngre oppretter kontakt med slekta i Amerika. Ellers vil nok kontakta død ut ganske fort.»

Jon Kroken
Ridabu
1998 eller 99