Rønnaug Knutsbakken Bottabakken

Fødd: 1. September 1839
Barn med: Mor: Anne Olsdotter f. 1807 i Urdi
Far: Knut Johannesson, f. 1796 i Turtum
Mor til: Johan Erikson Bottabakkom Slettom
Geni

Rønnaug var frå Bottabakken i Lia. Bruket låg aust og nedst i Søre Botten og var i bruk frå omlag 1820 til ca 1875. Vart lagt til hovudbruket etter det. Bildet her er frå Marstein der ho kom etter at ho gifta seg med Jon Gunnarson. Foreldra var husmenn i Bottabakken frå ca 1828. Det måtte derfor vere dei som rydda husmannsplassen. Rønnaug var nr. 5 av i alt 9 syskjen.

Gunn-Heidi Marstein Nipius har lagt ut dette bildet på Svunnen tid i Lom. Søre Marstein ca 1905-1910. Bildet er også attgjeve i bygdabok bind 2 side 119. Det er Egil Marstein som eig bildet. Ruth Agnes Gjelsvik skriv der i ein kommentar: Mor har fortalt Mykjy om desse to . Førådsfolk på søre Marstein . Brørne til Mor Annø , fortalde att dei var oppå og skaut inn jula , ved husnåva . Dette var ei stor ære for dei . Litt god julemat hadde dei og med . Bestemor Kari var gavmild og rettskaffen . Ein gong fortalde Far Ole , att Jo var på Bergom . Der sa ein kar til han : Er han Jo ute å går og . Jo sa att skulle eg ut , så måtte eg vel gå. Ein gong han skulleselge eit bukkeskinn . Handelskarensa : du serVel att skinnet er reint for lite . Det rakk no godt rundtgeita , sa Jo . 🐐
Utsnitt.