Rønnaug Knutsbakken Bottabakken

Rønnaug var frå Bottabakken i Lia. Bruket låg aust og nedst i Søre Botten og var i bruk frå omlag 1820 til ca 1875. Vart lagt til hovudbruket etter det. Bildet her er frå Marstein der ho kom etter at ho gifta seg med Jon Gunnarson.

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er 8F09F862-26BC-4AB0-89AF-24F6A0D1C337-1024x768.jpeg
Rønnaug i Søre Marstein ca 1905-1910. Bildet er henta frå bygdabok bind 2 side 119. Det er Egil Marstein som eig bildet.

Mor: Anne Olsdotter f. 1807 i Urdi
Far: Knut Johannesson, f. 1796 i Turtum
Foreldra var husmenn i Bottabakken frå ca 1828. Det måtte derfor vere dei som rydda husmannsplassen. Rønnaug var nr. 5 av i alt 9 syskjen.