Frans Ols. Gjeilo

fransung3109justFødd den 30/9 1923
Død 3. mars 2002
Gift med Thea Øyjordet  i 1958
Mor: Synne  Jond. Vaagaasar
Far: Ola Frantson Gjeilo
Born:
1. Ola (f. 10/11 1958) g.m. Aud, born: Rolv, Synne, Vetle og Haakon
2. Jon (f. 3/5 1962 ), born: Frikk, Sondre og Janne.
3. Finn (f. 16/1 1966) g.m. med Eva Vole, born: Hedda

Syskjen:
1. Gregor, g med Åse
2. Embjørg, g med Lars Ols. Gjeilo
3.Torø, g med Ola Rudsar
4.Julianna, g med Ingvald Strandi frå Morgedal i Telemark

Bilde til høgre: Frans som 13-14 åring med premieku ovafor Sygard Gjeilo.

a258Sjå histoira om Sygard (Nordre) Gjeilo og Søre (Søpå) Gjeilo og om namnet Gjeilo.
Sjå avisoppslag i GD 1958 om gardsdrifta på Sygard.

Frans var fødd på Sygard Gjeilo i Skjåk, var yngste av fem syskjen på garden. Han gjekk Alf Fredriksen handelsskule 1941-42, var handelsbetjent hjå Rolv Kvaale i Skjåk og var på bilkontoret i Skjåk (Aanstad) 1/2 års tid som assistent på Lom og Skjåk Sparebank. På Lom koop Handelslag arbeidde han i 42 år til han gjekk av med pensjon 65 år gamal. Utanom heim og familie var idretten hans store interesse. Som ung dreiv han mykje på skøyter og ski.

Anna, syster til Thea skreiv dette om Frans til gravferda 13. mars 2002:
Eg er sikker på at eg har alle med meg når eg seier at vi sette pris på Frans. Han  var ein fredsæl mann somgjekk stilt i dørene – oss har vel aldri hørt han sin noko ilt om nokon. Oss har støtt vore velkomne åt Tea og Frans i heimen i Lykkja og hatt mange trivelege stunder der og eg vil minnast han Frans slik – i triveleg familielag, med smil i augkrokom og ofte ein god replikk på lur. Han var snill, trufst og omsorgsfull. I seinare tid var han nok prega av sjukdom og vart vel etter kvart trøytt og sliten. 
 
Sjå fleire foto..

 

digitalmuseum-frans-032wz1vaot4c
Frans til venstre på Gjeilo skule i 1938. Fotograf, sikker: Stakston, Kristian. http://digitaltmuseum.no/021016297205?query=gjeilo&pos=21

 fransbergom fransbryllup