Marit Sygardsplassen eller Sperstadplass

Marit Sygardsplassen eller Sperstadplass fotografert på 65 års dagen sin i Mosjøen. Bilde etter Anna Teigen.

F. 21/13 1872 d. 12/2 1971. Vart neste 100 år
g.m. Ola Krøkje Lunna i 1891 i Lomskyrkja
Far: Nils Amundsson Bratteigen f. 23. januar 1843
Mor: Torø Johnsdotter Sperstaplassen (Geni) f. 1851
Geni går Marit under namnet Marit Nilsdotter Lundemo (Sperstadplads, Øyjordet)

Sygardsplassen er  synst i Bråtå. Vart gift med Ola Krøkje på Solsida i Lom. Dei leigde Søre Øyjordet i Medalen. Dei fekk fire barn. Jo kom til på Sygardsplassen same året som Ola og Marit vart gift. Dei tre andre vart fødde på Øyjordet.  Ola vart nervøs og tok livet sitt i 1897. Jo vart da bortsett til Gaupar der han hadde det vondt. Måtte vere med å arbeide. Det vart gripe inn frå det offentlege og kom da til Øverbø. Mathias kom til Kvamme og fekk det godt. Rønnaug havna på Øverbø og hadde også med seg Rønnaug dit. Thora vart med Marit.

Marit reiste rundt på gardane og tok seg arbeid. Da barna voks til, gifta Marit seg opp att med Rasmus Lund Obusmo og var i Skjåk lenge.  Ho fekk fire born i dette ekteskapet.  Marit fekk kreft i eine brystet og gjekk gjennom ein større operasjon. Det er sagt at ho gjekk frå Otta og heim etter operasjonen og rett i arbeid (skurd). Seinare var familien på Åkerlykkja på Lesja (saman med dei fire borna frå andre ektetskapet). Mannen arbeidde ved jernbana og fløtte til slutt til Drevvatn i Helgeland.

Lettliva og flink dame som var svært flik til å arbeide.

Born i første ekteskap:
Jon Øyjordet (2/1 1891 – 22/8 1969) g.m. Maria Haugtrædet
Rønnaug (f.    )g.m. Nils Moe frå Skjåk
Mathias (f.   ) g.m. …….. fra Bergen død i «Spansken» da ho gjekk med barn
g2.m. søster til sin første kone (fekk fem barn)  bodde på Askøy i Bergen
Thora (f.   ) g.m. Ole Kristiansen som arbeidde ved jernbana bodde i      Spikkestad. 3 barn Klara, Oddveig og Ola (aktiv i motstandsarbeid under krigen – måtte flykte og vart borte).

Marit Sygardsplassen
Marit Lund, mor til Jo / Jon Øyjordet. Bilde etter Maria/Anna i Graffershaugen.
I Graffershaugen på konfirmasjonsdagen til Anna. Tea i midten fremst om lag fem år, altså antageleg rett etter krigsutbrotet. Frå venstre: Maria med Ragnar, Reidar og Ola bak. Fire jenter er Målfrid med Anna bak, Tea (fremst) og Jarnfrid. Jo sit fremst. Bak han er gutane Odmund, Trygve og Magnar. Dama til høgre er mor til Jo, Marit Nilsdotter Sygardsplassen Lund. Marit budde i Nordland, men kom til Lom og var der under krigen.