Jon Øyjordet

JOOYJORD(2/1 1891 – 22/8 1969)
Gift med Maria Haugtrædet  (20/9 1895 – 22/8 1989)
Mor: Marit Nilsdotter Sygardsplassen (1871 –
Far: Ola Johnsen Krøkje (Lunna) (19/10 1863 – 5/12 1896)

Born:
Ola (f. 5/12 1916),
Oddmund (f. 20/10 1919 d.  )
Magnar (f.15/9 1922 d. )
Anna Teigen (f.22/7 1925)
Reidar (f. 15/3 1927),
Trygve (f. 12/8 1928 d. )
Jarnfrid Glimsdal (f. 3/8 1930),
Målfrid Fyrun(f. 3/8 1930)
Ragnar (f. 18/3 1932)
Thea (f. 9/5 1935)

Syskjen:

JOOYJO~1

 

Jo var truleg fødd på Sygardsplass i Bråtå i Skjåk som var heimen åt mora Marit. Dei fløtte så til Visvollen, Glømsdalskleiva og til slutt til Søre Øyjordet. Jo var eldst i ein syskjenflokk på fire. Faren Ola sleit med nervene og tok livet sitt  da Jo var berre 5 år gamal og Jo måtte ut i arbeid som liten. Fyrst til Gaupar, der han fekk det vondt, det vart gripe inn og ferda gjekk  så til Krøkje og Øverbø. Seinare kom han til Sygard Gjeilo. Medan han arbeidde her,  traff han Maria som budde på husmannsplassen Haugtrædet rett ovafor Sygard. Dei gifta seg på Lillehammer i 1916. Han var da 25 år. Dei kjøpte Turrmoen på Dalom der Ola, Oddmund og Mangar kom til verda. Seinar fløtte familien til Fyrun i Garmo der Anna vart fødd. Til sist kom familien til Graffershaugen i Vårdalen der familien voks til 12. Han Jo for ut på arbeid og han dreiv skog og gard. Mellom anna arbeidde han på anlegg på Raumabana.Han var ein flittig strevar, ein ektemann og far, skreiv R.Ø. og K.R. i sangen sin om Maria og Jo.
Sjå Minne frå barndomsåra Av Anna Teigen skrive til slektsstevne 28. august 1993

Sang skriven av Reidar og Kristbjørn:

Vi syngje vil ein song, vi som samla er her no.
Vi er ein stor familie etter Maria og Jo.
For Maria og Jo
som sleit og gav så mykje
vi saman er her no.

 

I 1891 vart han Jo fødd til vår jord.
Det truleg var på Sygardsplassen, heimen åt si mor.

 

Og mora heitte Marit, og Ola var hans far.
Og borna dei var fire, der Jo var eldste kar.

 

Åt Visvollen dei flytte og Glømsdalskleiva med.
På Øyjordet (det søre) dei sidan slo seg ned.

 

Han Jo vart tidleg farlaus og legdegut han vart.
Han fekk vel tunge stunder i livet etter kvart.

 

han var vel knapt nok seks då åt Gaupar vegen gjekk.
Og krøkje, Øverbø vart og «heimar» som han fekk.

 

Så vart det Sygard Gjeilo i Skjåk og fleire med.
Han vaks opp utan heim, utan leik og utan fred.

 

På Haugtræadet i Skjåk var om lag på same tid
ho Anne og han Ola med borna, heile ti.

 

Ei jente var Maria. Dei flytte også tidt.
Men innhuset på Haugtrædet var det ho kalla sitt.

 

Men tidleg ut i teneste måtte jenta lell.
På Nørstnes fyrst ho streva, ja radt til seine kveld.

 

I Finndalen ho underbudeie var ei tid.
Og staden heitte Vangen. Og jenta, ho var blid.

 

Ein gong i 1916 på Lillehammer stod
eit bryllaup, og det var mellom Maria og Jo.

 

Ho Maria fekk kjærleik, om dagen tidt vart strid.
Han Jo fekk no ein heim han hadde sakna all si tid.

 

Dei Turrmoen fekk kjøpt. Hen ligg nordpå Dalom der.
Og Ola, Oddmun, Magnar der alle fødde er.

 

Åt Fyrun nedi Vårdalen flytte dei så ned.
Der fekk dei ryste jenta. Det var ho Anna, det.

 

Den siste flytteferda åt Graffershaugen gjekk.
Der treivst og der dei alle dei siste borna fekk.

 

Der vart han Reidar fødd og han Trygve føddest så.
Og tvillingane, Målfrid og Janfrid etterpå.

 

Då Ragnar og ho Tea var fødde, var det nok.
No var dei ti i talet. Ein stasleg ungeflokk.

 

Han Jo for ut på arbeid og han dreiv skog og gard.
han var ein flittig strevar, ein ektemann og far.

 

Ho Maria var strevsam kvar enn det var ho for.
Ho dugde til det meste som kjerring og som mor.

 

Det er nok enno mykje som ikkje er fortalt.
Men her er ikkje vers nok til å få med seg alt.
For Maria og Jo
som sleit og gav så mykje
vi saman er her no.
Sjå fleire bilete av Jon