Jon Gjeilo Vaagaasar

Fødd: 22. apr 1864 Skjåk
Død: 1949 Lom
Gift med Julie Engum i 1887
Mor: Synne Olsd Bøje, f 9.mars 1824
Far: Rolv Gregorius. Gjeilo, f 25.des 1815

GENI:  Ektemannen til Julie Halvorsdotter Vaagaasar
Far til Rolv Jonsson Vaagaasar; Halvard Jonsson Vågåsar; Synne Jonsdotter Gjeilo, I; Livø Jonsdotter Gjeilo, I; Synne Jonsdotter Gjeilo, II og 8 others
Bror av Torø Rolvsdotter Maurstad; Gunhild Rolvsdotter Bakken; Rønnaug Rolvsdotter Nystuen; Gregorius Rolvsson Gjeilo; Anne Rolvsdatter Kjekahagen og 6 others

Jo/Jon/John Rolvson Gjeilo Vaagaasar vart gift med Julie Halvorsdotter Engum. Jon / Jo voks opp på Sygard Gjeilo men kjøpte seinare Vaagaasar og voks opp der og fløtte dit saman med kona Julie. Dei to fekk i alt 13 born. Ei av dei var Synne f. 1893, som vart fløtt til onkelen sin som ung, Gregorius Rolvson f. 1848 – eldste bror til Jon og kona Torø Persdatter Vaagaasarøygard. Dei to fekk ikkje born sjølve og tok til seg Synne som si eiga. Synne vart seinare odelsjente på Sygard og tok over garden samen med Ola Franson frå Søre Gjeilo som ho gifta seg med i 1912. Før Synne kom til Sygard er det sagt at fleire av dei eldre brørne hennar var på besøk på Sygard med tanke på flytting, men «steast» ikkje. Det vart derfor Synne som eldste jente som måtte flytte. Sikkert ikkje noko enkelt for ei lita jente.

Born:
Rolv (1887-1937)
Halvard (1889-1973
Olvar (1890-1968)
Synne og Livø (tvillingar som død unge)
Synne  Jond. Vaagaasar  (1893-1962)
Kristian (1895-
Gregor (1897-1974)
Livø (1898-1969)
Tea (1900-1987)
Hans Albert (1902-1963)
Algot Rudolf (1904-1985)
Anna Mari (1906-1994)

Syskenflokken på Gjeilo (frå Ættebok frå Skjåk band 1):
Torø (f. 1842) gift med Sylfest S. Maurstad ,
Gunhild (f.1944) gift med Ola O. Bakken,
Rønnaug (f. 1846) gift med SevaldS. Nørstnes,
Gregoirus (f. 1848) gift med Torø P. Vågåsarøygard,
Anne (f. 1850) gift med Johannes E. Kjekahagen,
Synne (f. 1852) gift med Lars O. Prestgjordet,
Kari (f. 1855) gift med Tore S.Skamsdalen,
Ola (f. 1858),
Embjørg (f. 1860) gift med Ola F.Gjeilo (f. 1851),
Rolv (f. 1866) og
Anne (f. 1871).

b
Folka på Sygard Gjeilo 1875. Fremst frå venstre: Rolv Gregoriusen (f. 25/12 1815) på fanget har han Rolv Rolvs,(f. 15/12 1866). Kona til Rolv, Synne Olsdatter Bøje (f. 9/3 1824) og på fanget dotter Anne Rolvsd.(f. 4/8 1871). Rønnaug Rolvsd. (f. 1/1 1846) gift med Sevald Sevaldsen Nørstnes. Anne Rolvsd. (f. 19/9 1850) gift med Johannes Eriksen Kjekahagen. Gunnhild Rolvsd. (f. 21/5 1844) gift med Ola Olsen Bakken og sonen deira Ola på fanget til mor si. Han vart bokhandlar i E….? Dei to budde på Gjeilo da det var teljing i 1875. Bak frå venstre: Ola Rolvs.(f. 25/2 2858) Gregoirus Rolvs.(f. 25/4 1848) gift med Torø Persdatter Vaagaasarøygard. Fekk ingen barn. Synne Rolvsd. f. 6/12 1852) gift med Lars Olsen Prestjordet. Jon Rolvs. t.h. (f. 22/4 1864) gift med Julie Halvorsdotter Engum. Dei to kjøpte og budde på Vaagaasar. Kari Rolvsd. (f. 5/5 1855) gift med Tore Syversen Skamsardalen. Embjørg Rolvsd. (f. 9/6 1860) gift med Ola Toresen Gjeilo. Etter folketeljinga i 1875 var eldste dotter Torø Rolvsd. gift med Sylfest Maurstad, fløtt til Gjeiloshaugen og ikkje med på bildet.

Jon/John/Jo R. Gjeilo/Gjellaug/Vågåsar var ei kunstnartype. Han spelte fele, teikna og skar i tre med enkel reidskap. Han har skore rullargong og ein laup og ein nydeleg hest som står i gammelstugu’n på Vågåsar. Jorunn Kvale har teke vare på mykje om og av John og har også gjort desse notata.