Ola Gjeilo (Frantsson)

OLAFRADFødd den 29/9 1891
Gift med Synne Vaagaasar den / 19
Mor: Embjørg Amundsdatter (Amundssted) (f.. 22/3 1870)
Far: Frants Olsson Gjeilo (Storkjørren) (f. 20/6 1861

Born:
Gregor
Embjørg Gjeilo
Torø Rudsar
Julianne Strandi
Frans (f. 30/9 1923)

olaogsy
Ola og Synne på bryllupsdagen 2/5 1912 fotografert av Stakston. Ola hadde da akkurat kome heim frå Voss Folkehøgskule.

Syskjen:
Anne (f. 14/8 1893 d. )
Marie (f. 25/2 1896 d.  )
Rønnaug (f.24/10 1989  d. 1900)
Amund (f. 16/3 1901 d.  )
Frants (f. 28/71904 d.  )
John (f. 3/2 1907 d.  )
Sverre (f. 30/8 1909 d.  )
Ragna (f.4/11 1911 d.  ).
Sjå historia om Sygard (Nordre) Gjeilo og Søre (Søpå) Gjeilo og om namnet Gjeilo.

Sjå avisoppslag i GD 1958 om gardsdrifta på Sygard.

Om Ola på lokalhistoriewiki

fotoola voss
Ola som student ved Voss Folkehøgskule rundt 1910.

Ola var fødd i 189. Faren Frants var oppsynsmann i Veivesenet. I folketeljingane for 1900 går det fram at Ola budde saman med foreldra Frants og Embjørg og syskjena Anne og Marie i drengjestugu på nedre Skjåk (Skiaaker nedre). Rett etter denne folketeljinga (tidleg på 1900-talet) fløtte familen til Søre Gjeilo («Gjellaug nordre» eller i dag «Søpå Gjeilo»). Denne garden var tidlegare eigd og driven avSølfest Olsen Gjellhaug, som under tellinga i 1900 budde på garden saman med bestefaren Sølfest Rolvsen Gjellaug (f. 1824), Marit Olsdatter Aanstad (f. 1882) «husholderske» og Anna Olsdatter Haugtrædet «budeie og tjener». Det er fortalt at Sygard AAnstad stemde på retten på garden etter at familien til Ola hadde kjøpt garden og fløtt inn. Men den tidlegare eigaren insisterte på at Frants, Embjørg, Ola og søstrene skulle ha garden og det vart ingen takst. Frants var godt likt og var ein drivande kar.

Seinare vart altså Ola kjend og gift med Synne som budde på nabogarden Sygard Gjeilo og dei tok også etter kvart over drifta av garden. Ho budde der  saman med pleiefar og brorfar Gregorius Gjellaug og pleiemor Torø Pedersdatter.   Synne var fødd i 1893. Faren hennar Jo Vaagaasar var bror til Gregorius og hadde kjøpt Vaagaasar i Lom. Dei fekk i alt 8 ungar og i og med at broren Gregorius og Torø ikkje fekk barn, fløtte Synne til garden og ho budde på Sygard under teljinga i år 1900 om lag på den tida Ola og familien kom til nabogarden.

olafran
Som Ola sjølv har skrive på paspatouet, er dette det fyrste fotografiet som vart teke av han etter at han vart ordførar i 1926. Han var da 35 år gamal.

På garden (Sygard) budde det under tellinga i 1900 i alt 12 personar:
*Gregorius Rolvs. Gjellaug – selveier og gaardbruker f. 1848
*Torø Pederdatter Gjellaug – gaardmandskone f. 1863
*Synne Johnsdatter Vaagesar – arbeider i huset – pleiedatter  f. 1893
*Tjøstel Hans. Kmamsøderjor – tjener f. 1879
*Sigurd lars. Gjellaug – tjener f. 1883
*Rønnaug Erlandsd. Gjellaug – tjener f. 1879
*Torø Gregoriusdatter Bakken – føderaadskone og farsøster til   Gregorius f. 1827
I Føderaadshuset budde Synne Olsdatter Gjellaug f. 1823 som var føderaadskone og dattera Anne f. 1872.

På garden Sygard budde det under tellinga i 1875 i alt 16 personar:
Rolf Gregoriusen f. 1815 og kona Synne f. 1823, borna Gregorius f. 1848, Ole f. 1858, John f. 1864, Rolf f. 1866, Synne f. 1852, Kari f. 1855, Embjørg f. 1860 og Anne f. 1871, trenerstedrengen Ola Nilsen og tjenestepiken Thorø Sevadsdatter.  På garden budde også Gundhild f. 1844, som også var dotter til Rolf, saman med mannen Ole Olsen f. 1828 (arbeidde som skrædder og tømmermand) og sonen deire Ole Olsen f. 1874. Rolf Gregoriusen og familien eigde da 2 hester, 2 føl, 2 okser, 2 kyr, 14 kalver, 8 sauer, 49 gjeter, 28 svin, 6 ful, 1:2 by7 1:2 hal; erter 1:8;po6.
Familien til Ole Olsen og Gundhild eigde 1 ku, 2 sauer og 4 gjeter.

På garden Sygard budde det under tellinga i 1865 i alt 16 personar:
Rolf Gregoriusen f. 1815, Synne Olsdatr. f. 1823, borna Gregorius f. 1848, Ole f. 1858, John. f. 18667, Thorø, f. 1841 og sonene hennar Sølfest f. 1863 (Thorø er ei flyttet til Manden, står det i tellinga), Gunhild f. 1843,  Rønnaug f. 1845, Anne f. 1849, Synne f. 1851, Kari f. 1854,     Embjørg f. 1859, føderaadskona Thorø 76 år gml, tjenestedrengen Guttorm Hansen 19 år gml og Thord Johnsen, Inderst, Forpagter 59 år, Lom. På garden var det i 1865 3 hester, 23 kyr, 70 sauer,  19 gjeter, 5 svin og Utsæd; rug 1 1/2; byg 7;poteter 2 1/2.

Skjåk jordstyre 1957. Ola til venstre. Fotograf: Stakston, Kristian. Digitalmuseum.no
Skjåk jordstyre 1957. Ola til venstre. Fotograf: Stakston, Kristian. Digitalmuseum.no