Minneord etter Thea

Randi Glimsdal Bakke, mars 2026

Ein maidag i 1935 kom det ei nett lita jente til verda, som den siste i ein fin syskenflokk på 10. Minstejenta fekk namnet Tea. Mor Maria og far Jo hadde skapt ein god heim for den store familien sin i Graffershaugen øvst i Vårdalen. Stova var lita og trong, arbeidsdagane var lange og harde, og ungane måtte tidleg lære seg å hjelpe til i alt som skulle gjerast både ute og inne.

Sjølv om det kunne vera trongt og strevsamt har eg aldri høyrt anna enn at dei hadde det godt i lag på det vesle bruket. Maria og Jo var arbeidsame, omsorgsfulle, rettferdige og gjestfrie. Ho Thea fortalde om ein gong medan ho var lita jente at det banka på døra ein sein kveld. Ute var det myrkt og kaldt og eit styggjeleg regnver, og der stod det ein landstrykar eller kræmar som trong ly for natta. Gammelstugu i Graffershaugen bestod av ein klæva og eit hovudrom med omn. Bak omnen stod senga til Maria og Jo, og der låg også ein av ungane for at det skulle bli plass til alle. I klæva var det plassert to senger i ein vinkel, og der låg det alt frå to til fem ungar. I klævagolvet var kjellarlemen som førte ned i jordkjellaren. Denne landstrykaren som hadde banka på var så blaut og kald at ho Maria og han Jo ikkje kunne gjere anna enn å sleppe han inn. Mannen ordna seg til innved omnen og låg der om natta.

Syskenflokken fekk med seg så mykje solid og verdifull lærdom frå barndomsheimen, og det er nok dei ljose og gode minna vi etterkomarane har fått høyre mest om. Fleire av syskena har vore flinke til å skrive og dikte, og det har vorte laga mangt eit rim og  vers der barndomsheimen i Vårdalen har vore omtala og beskriven. Mellom anna skreiv bror Reidar ein song i 1976 som han kalla nettopp «Barndomsheimen»:  Min barndomsheim er liten, men vakkert ligg du der, det er så rart å tenkja på flekken du har kjær. Du går på gamle stiger, du ser der bekken gjekk, og der går blanke elva der du første auren fekk.

Gjennom i alt 13 vers fortel Reidar om spikking, fløyteljom og våronn, ljåslått og hausting, steinkøyring og skogsarbeid, bøting, spinning og bonding. Han skildrar fisketurar, snurufangst på haren og fellejakt på ikonn.

Vi hadde plikt med arbeid, det var ei gåva stor, det var vår gode skole vi fekk med da vi for. For dette vil me takka deg, mor som no er att, vi minnest og i takksemd deg, far for denne skatt…

I 1993 skreiv ho syster Anna ein prolog til eit slektsstemne som ho kalla «Minne frå barndomsåra i Graffershaugen.» Denne vart opplesen under minnesamværet etter Anna.

Ho Thea var også svært flink til både å skrive og dikte. Medan ho gjekk på skulen skreiv ho mellom anna mange stilar der ho fortalde frå kvardagen sin. Med si vakre lykkjeskrift skreiv ho mellom anna om «Radioapparatet vårt», «Ein fisketur», «Frå senga til skulebenken», og om «Beste venen mellom dyra». Ho fortalde om «Månadslova», da ho gledde seg på fridag men måtte bruke heile dagen til sauleiting, – noko ho ikkje var så tilfreds med.., og ho skreiv om «Konfirmasjonsdagen min» og om juleførebuing og -feiring.

Ho Thea starta skulegangen sin på Moaskulen i 1942 som sju-åring. Denne skulen låg rett innved vegen litt før Moabrua på høgresida av vegen rett etter langstrekka i Vårdalen. Der gjekk ho fyrste og andre klasse. Tredje klasse starta ho på Bakkeskulen, litt lengre nedover mot Garmo.

På grunn av tilhøve som hadde med krigen å gjere, insisterte far Jo på at ho skulle gå på ein annan skule resten av grunnskulen, og ho Thea starta opp med skulegang på Lia-skula i staden. Der fekk ho han Jo Turtumøygard som lærar, og det treivst ho svært godt med. 

Dette var da mot slutten av krigen. Ho gjekk til og frå skulen frå Graffershaugen kvar skuledag. Rådsbakken gjekk den gongen rett nedover skogen mot Liabrua. Vinterstid spente ho på seg ski og rende seg nedover skogen og vidare til skulen. Dette må ha vore ein tøff tur i alt slags ver og i stummande myrkre for ein halvstor jentunge. Det var ikkje alltid fylgje heller, for syskena gjekk ofte på skula på andre vekedagar enn Thea. Ho var på skulen tre dagar i veka.

Etter 3-4 år i Lia vart det dagleg busspendling frå heime i Vårdalen til framhaldsskulen i Lom og undervisning av lærar Klæbo i to år. Da ho var ferdig der, fløtte ho Thea inn på hybel på bilkontoret på Bergom hjå Selma og bror Oddmund for å gå på realskulen. Dette treivst ho ikkje med, og ho avslutta realskulen tidleg, og ho tok til å sjå seg om etter arbeid saman med venninna frå Vårdalen, ho Agnes Horten. 

Litt på måfå reiste desse to som 17- eller 18- åringar nedover til Lillehammer for å sjå etter arbeid der. Dei hamna på Lande Høgfjellshotell på Nordseter og spurte etter arbeid. Da hotelleigaren høyrde at dei kom frå oppi Ottadalen, var det berre å ta til med arbeidet umiddelbart. Det vart stell av rom og servering av middag. Det vart antakeleg med ein sesong på Lande, og kafearbeid på coopkafen på Bergom sto så for tur for dei to, som hekk i hop som erterris. Seinare skulle Thea og Frans flytte inn nettopp på coopkafeen nokre år seinare, og Jon er fødd medan familien budde der. Ho Thea arbeidde på kafeen også den perioda.

Ein dag ringde butikkdrivar Bjarne Holø til Thea og spurde om ho kunne tenkje seg å arbeide på butikken i Garmo. Det slo Thea til på, og ho arbeidde der i fem år. Da budde ho fyrst i andre etasje på butikken, og deretter fløtte ho bortpå Fyru og budde hjå syster si, Målfrid.

Som vi veit, trefte ho Thea etter kvart ein snill og lugum kar som ho vart glad i, og ho og Frans gifta seg i 1958. Etter at Ola og Jon var komne, busette familien seg i Lykkja i 1963. Finn kom tre år etterpå.

I tillegg til å vere trebarnsmor arbeidde ho Thea «på vidden», som ho sjølv kalla det, med barnepass og forskjellige arbeidsoppgåver rundt omkring. Det vart ei årrekkje som værelsjente og med kafearbeid på Fossberg, og seinare som heimehjelp i Lom kommune, noko ho dreiv på med til ho vart 63 år.

Banda mellom syskenflokken frå Graffershaugen har støtt vore sterke. Da Thea og Frans kom til Lykkja, budde allereie bror Reidar med familien sin i grannehuset «Nuli». Og da eg var på veg i 1963, fløtte vi inn i andre etasja der. Vi vart buande der nokre år før vi fløtte oppå Glømsdal. Etter at Reidar og familien reiste frå Lykkja, kom Ragnar og Julie og busette seg i huset i -66, og mellom dei «Nuli» og dei «Søpå» hjå Thea og Frans har det alltid vore eit sterkt og tett samhald.

Julefeiring i Lykkja, antageleg i 1964. Frå venstre Ivar Kvamsøygard med Jon Gjeilo f. 1962, Ola Gjeilo f. 1958 med Randi Glimsdal f. 1963, Knut Øyjordet f. 1961, Marit Øyjordet f. 1957, Kristin Øyjordet f. 1964 og Marit Øyjordet f. 1957. Ola Rossehaug har bildet etter bestefar sin, Reidar.

Sjølv var eg så heldig å få ha ho tante Thea som ei ekstra mor frå eg var spedunge og heilt til det siste. Ho tante og ho mor var sterkt knytte til kvarandre heile livet. Ho tante var gudmor mi, og den kontakta vi alltid har hatt har vore heilt spesiell for meg. Eg voks delvis opp i Lykkja og var mykje hjå tante og Frans sjølv etter at vi hadde fløtt oppå Glømsdal. Vi ungane var nær einannan i alder, og vi leikte mykje saman. Det same galdt ungane hjå Julie og Ragnar. Etter kvart som ungeflokken nørdst i Lykkja voks til, vart det mykje felles leik. Det gjekk mykje i «Krutrøyk», indianar og cowboy, og vi leikte «Duse og gøyme i myrkret» oppi Presthaugen. Ein god og trygg barndom å hugse attende på.

Opp igjennom åra etter som den store syskenbånflokken vår voks til, var ho tante alltid oppteken av korleis det gjekk med oss alle. Ho var også dagmamma for fleire, og synte like stor omsorg for alle desse.

Etter kvart som det tok til å vekse fram ein ny generasjon i slekta og ho Thea vart bestemor, og også oldemor, vart dette ein stor del av livet hennar. Mellom anna laga ho ein fantastisk fin tradisjon saman med Julie, der dei bytte på å arrangere juletrefest for barn, barnebarn, tantebarn med ungar samt nabofamiliar. Dette gledde vi oss på kvart einaste år.

Eg har nemnt diktinga hennar Thea. Det vart etter kvart mange songar til både bryllaup, konfirmasjonar og andre høve (sjølv fekk eg song frå henne til både konfirmasjon og bryllaup). Thea heldt fram med diktinga si også på sine eldre dagar. Og også neste generasjon har teke over denne arven, som m.a. han Frikk. 

Thea var i alle år eit uvanleg aktivt og engasjert menneske. Og alt skulle ho greie sjølv, heilt til det siste. Huset har alltid vore velstelt og i orden. Ho dreiv med handarbeid, baka, laga mat og hjelpte til for så mange. Ho hadde ei stor glede i å stelle ute i den vakre hagen og la ned mang ei arbeidsøkt der. Og så fylgde ho med når det var sport på tv.

Etter som ho vart eldre og einsleg, la ho Thea ned eit stort engasjement i friviljugt arbeid. Mellom anna var ho fast medhjelpar på onsdagstreffa på Helseheimen, ho var sekretær i pensjonistlaget i ei årrekkje, og den formidable innsatsen ho gjorde som leiar av Seniordansen er det berre å ta av seg hatten for. Ho stilte også opp som sjåfør og fylgje når nokon hadde bruk for det.

Det var naturleg og vel fortent at det vart nettopp ho som fekk sykle saman med Kronprinsen da han var på Lomsbesøk i 2019, og ho vart også invitert til te på slottet.

Ho tante Thea kan stå som eit forbilete for så mange av oss. Eg kjenner ei stor glede og takksemd over å ha hatt henne i livet mitt.
Nå fortener ho å få kvile.

Randi
Mars 2026