Anna: eit liv gjennom hundre år

22. juli 2025 fylte Anna Teigen 100 år. Dotter Jorun fortel livshistoria hennar i ein innslag i Fjuken.Oppdatert: sundag 27. juli 2025
https://www.fjuken.no/nyheiter/i/gwqdyJ/anna-ei-forteljing-gjennom-hundre-aar
Anna Teigen – fødd Øyjordet – kom til verda på Fyrun i Moagrenda i Vårdalen 22. juli 1925. Ho var eldstejenta i ein syskenflokk som etter kvart vart ti: seks gutar og fire jenter.
Foreldra var John og Maria Øyjordet. Dei kjøpte Graffershaugen – eit småbruk lenger oppe i Vårdalen, og flytta dit da Anna var om lag eitt år. Graffershaugen var eit småbruk med ei lita timbrastugu, fjøs, låve, stabbur med aurbu og eit lite geitefjøs. Ein god og fin plass å vakse opp, men trongt om plassen. Alle måtte hjelpe til både inne og ute. Dei hadde nokre få kyr, gris, høner og sauar. Mor til Anna hadde nok fullt arbeid heime, medan far hennar arbeidde på andre gardar i tillegg til jorda heime. Også skogsarbeid.
Aktiv barndom
Anna gjekk på skule i Garmo, og treivst godt. Ho likte best lesing, teikning og rekning, og skreiv gjerne stil. Anna var sjenert, og ville ikkje gå meir skule – da hadde ho nemleg høyrd at dei måtte stå framfor klassa og framføre ting!
Ho lærte tidleg å strikke, karde og spinne. Dette var noko ho fekk mykje glede og nytte av seinare i livet. Det var òg mykje leik og moro da Anna var barn. Det mangla ikkje på leikekameratar! Stor syskenflokk og mange barn både på Graffer og Langbakken som var nære grannar. Dei kom ihop frå heile øvre Vårdalen og leikte saman. Noko av det som iallfall jentene likte godt, var å bygge leikehus av stein med leikekyr av bein, og sau av konglar.
Elles bestod leiken seg av å vasse i Urdstjernet og bade i Hallvardammen – ikkje heilt ufarleg det, badeplass ved Vulu. Dei laga også seljefløyter. Anna var ikkje store jenta da ho starta å reise til Skjåk for å vitje tanta og onkelen sin om somrane. Dei hadde ikkje eigne barn, så ho vart kanskje litt bortskjemd der? Og det var nærme besteforeldra i Skjåk – på Haugtredet, så da vitja ho dei i same slengen.
Da ho var ti år og hadde fått veslesyster, Thea, reiste ho heim att til Vårdalen for å vera i lag med ho. Anna og Thea har hatt tette band heile livet.
Bærplukkaren Anna
Anna var 12–13 år da dei fekk straum i Vårdalen. Før den tid var det parafinlampe og talgljos. Vatn bar dei frå Vulu. Radio hadde dei ikkje – Anna og dei eldste syskena kjøpte radio til foreldra sine etter dei hadde byrja å tene eigne pengar.Dei abonnerte på Dagningen, og Anna nytta godt dei kvite kantane rundt teksta i avisa til å teikne på. For teiknepapir hadde dei heller ikkje.
Ein gong laga dei kortstokk av papir dei hadde klipt ut frå ei pakke. Så fann dei ut at det hadde vorte borte eit kort, og det oppstod krangel i syskenflokken. Trygve – vesleguten – sa: «Kan vi ikkje berre lage eit nytt kort?» Da sa mor til Anna: «Der kom vitet!»
Frå Anna og syskena var nokså små, var dei med mor og far sin på bærskogen. Det var helst blåbær og tyttebær. Dei plukka så mykje bær om hausten at far deira fekk diplom! Bæra vart seld på butikk og hotell i Lom, og dette gav kjærkomen inntekt som gjekk til ty til nye klede til jul. Anna var konfirmert da ho var 14 år. Dette var ein høgtidleg dag, og ho var spent på spørsmålet ho fekk da ho stod på kyrkjegolvet. Ho greidde å svara godt for seg, og konfirmert vart ho. Anna hadde strikka bunadsstrømpene sine sjølv, og ei tante i Skjåk hadde vove stoff til rondastakk og forkle. Nå var Anna «vaksen». Ho arbeidde på Graffer – nabogarden. Der hadde ho ei god klasseveninne, Oddbjørg. Seinare arbeidde ho både i Brekk og Skrinde i Skjåk. Anna var glad i dyr og likte godt gardsarbeid. Ho og ei god veninne var budeier på Hovdestulen nokre somrar, og der treivst ho svært godt. Anna fekk seg etter kvart fast arbeid på Lom og Skjåk dampysteri.
Fann kjærleiken
Det låg ei skugge over ungdomsåra – frå Anna var 15 til 20 år var det krig. Det skapte nok ei uhygge sjølv om ho ikkje kom borti noko skikkeleg farleg. Skremmande å sjå tyske krigsfly og soldatar i uniform.
Anna møtte sin Knut da ho var rundt 18 år. Han kom òg på friing på Hovdestulen nokre helger – da sykla han frå Skrinde i Skjåk og heilt oppå Neto og vidare til setra.
På slutten av krigen var Knut på militærteneste på Ringebu – ei arbeidsteneste. Nazi-Tyskland vart meir og meir desperate. Det var ein fare for at han og mange andre unge gutar i hans situasjon kunne bli sende til austfronten. Anna frykta for dette, og det var ei fæl tid. Heldigvis vart ikkje dette noko av, og krigen tok slutt. Fredsvåren i 1945 var nok ei gledens tid!
Hendig dame
Anna og Knut bygde seg hus nær barndomsheimen Graffershaugen, og gifta seg da huset sto ferdig i 1953. Mor og far hennar flytta inn i 2. etasje, der det var tilstelt leilegheit for dei. Der budde dei resten av livet. I 1954 fekk dei fyrste barnet sitt – ei jente. Andre jenta kom i 1959, og vesleguten vart fødd i 1967.
Anna var heimeverande husmor, men å vera husmor var ein allsidig jobb! Det var gris og høner i fjøset, og dei dyrka mykje poteter, gulrøter og andre nyttevekster. Rips og solbær som skulle saftast og syltast.
Anna var flink med mykje slags handarbeid, og likte godt å lære nye ting. Ho spann, farga garn, strikka, hekla og broderte. Men det ho virkeleg vart «kjend» for var vevinga. Ho vov store tjukkåkle i krokbragd, og dei laga ho nok fleire hundre av.
Knut bidrog med å snikre vevstolar, og han var flinkare til å setje opp ny renning enn det ho var sjølv, sa ho fleire gongar.
Fekk møte Petter
Jula var ei kjær årstid for Anna. Før jul var det alltid aktivitet med juleverkstad, nisseproduksjon og andre julepynteting. Knut bidrog med «rekvisita» som små solver, auser og liknande til nissane og dukkene som Anna laga. Anna var også med og viste fram karding og spinning på arrangement i regi av husflidslag, heimbygdslag og Fjordingsmarknad. Om somrane var Anna og Knut mykje på gamle trakter på Neto. Der hadde dei i fleire år campingvogn, og seinar leigde dei eit seterhus. Og dei gjekk mykje turar der. Anna har vore interessert i mangt og mykje, og vintersport er ein ting ho gjerne såg på TV. Langrenn var ho svært glad i, og da var Petter Northug ein stor favoritt! Ho fekk gleda av å møte han på Sognefjellet, prate med han og gje han rosavottar som ho hadde strikka av heimspunne garn til han. Sjakk på TV vart òg spennande. Og da var det sjølvsagt Magnus Carlsen ho heia på! Ho kunne ikkje sjakk, men fylgde med på pila, og høyrde på kommentatorane i studio.
Godt grannelag
Anna er ei positiv, hjelpsam og rettferdig dame. Når «ungane» var heime på besøk fekk dei alltid med forsyningar frå markens grøde. Bakst, poteter og gulrøter.
Syltetøy og saft
Det er så godt grannelag øvst i Vårdalen – heilt spesielt. I mange år gjekk damene i lag hjå kvarandre – dei hadde «kjerringklubb». Dette var sosialt og triveleg. Dei gjekk ofte i kaffislaberas hjå kvarandre, og bad saman på middag. Anna har vore heldig med god helse, og ho held seg i god form med turgåing og seniordans. Der var veslesyster Thea leiar i ei årrekkje. Helsa har, som sagt, stort sett vore bra, og Anna var heller ikkje den som gav opp. Ho sleit sund eit leddband i kneet ein gong frå lenge sidan, men bestemte seg for å trene seg oppatt, og vart omtrent like god att. Dette trass i at ein doktor hadde sagt at ho ikkje kunne rekne med å bøye kneet normalt meir.
Ho fekk tidleg grøn stær. Dette er ein alvorleg, arveleg sjukdom. Det gjekk utover sidesynet, men som ho sa mang ein gong: «Eg er jammen heldig som ikkje vart blind, men kan sjå og drive med handarbeid!»
Takksam for helseheimen
Anna mista Knut i 2011, men greidde seg bra aleine i huset i Vårdalen i fleire år. Ho fekk god hjelp av heimetenesta i Lom, og som sagt – gode grannar.
Etter kvart vart det problem med hukommelsen, og da koronaen kom vart det mykje hugsott. Ikkje vart det gode samveret som det hadde vore heller, grunna nedstenginga. Etter kvart fekk Anna fast plass på Helseheimen. Der trivst ho godt og kjenner seg trygg. «Tenk kor heldig som har ein slik plass å koma til når vi blir gamle», seier ho ofte.
Gratulerer med dagen!

