Fødd: 1862
Død
Gift med Jon Gjeilo Vaagaasar, f 22.apr 1864r
Mor: Livø Mallaug
Far: Halvor Engom
Born:
1. Rolv Vaagaasar, f 8.mai 1887
2. halvard Vaagaasar,f 30.jan 1889
3. Olvar Vaagaasar
4. Synne, d ung
5. Livø, d ung
6. Synne Gjeilo
7. Kristian
8. Gregor
9. Livø
10. Tea
11. Hans
12. Rudolf
13. Anna Marie
Julianna hadde ein bror ,Kristian.Han reiste til Amerika.
Julianna og Jon fekk til saman tretten barn. To av desse var tvillingar og var dødfødde. Det var ei veke mellom fødselen på desse to. Mellom fødslane var ho på åkeren og skar korn. Julianna var svært slagferdig i kjeften og god til å rime.
«Eg for over isen men var ikkje neppå med pisen», sa ho.
Frå Olav T Kvaale: «Gamalt frå Lom:»
Ho Julianna var hjå klokkaren for å skrive inn fadrane til det siste barnet sitt. Klokkaren spurde ho då kor mange born ho hadde.
«Eg har tolv med son han Rolv, og det trettande kom ettersmettande»,svara ho Julianna.
«Du fær ikkje fleire nå da, er von?», sa klokkaren.
«Det er ikkje godt å væta, han får råd for slikt som har slikt å læta», svara Julianna.
Ein gong var ho Julianna Vaagasar og ho Torø Vekkje uvenner, og ho Torø sa at ho Julianna var stygg.
-«Ja, er du ikkje fortusta på at eg skulle bli gift?
Her går det pene ,ugiftegjentå i ei rekkje,
frå Marstein åt Vekkje,
og reiser du åt Kvåle,
treffer du ei jåle», svara ho Julianna.
(På Marstein,Øverbø og Vekkje var det den tid 8 gamle, ugifte jenter og ei halvskrulle på Kvåle.)
Kristian, bror til Julianna Vågåsar. Altså onkel til Synne Gjeilo. Ola Frantson har skrive bakpå bildet at han reiste til Amerika i ung alder og kom aldri attende til Noreg. Halvard Vågåsar, bror til Synne. Fotografert i Amerika.