Anders i Prestkroken

krokengmlAnders Johnsen Kroen var fødd på Brimiskjellen i Garmo. Han budde mange år på ulike husmannsplassar i Medalen før han i 1906 som 55 åring kom til Prest-Kroken eller Kroken, som da var husmannsplass under Prestegarden. Kroken grensa da til Øvre Eggen, Nedre Eggen og hamningar under Prestgarden og Andvord. And døydde han i 1938, 87 år gamal. Da var han blind og lam.

Sjå heile oppslaget i Heim og bygd 2005 her
Sjå dagboka til Anders Jonsen 1886 – 1899

Som dei fleste andre på den tida, hadde Anders eit strevsamt liv
for å skaffe utkome til seg og sine. Gudstrua hans var sterk.
I Kroken kom Anders etter kvart opp i ein strid med Johannes Johnsen, far til diktaren Tor Jonsson, om kven som hadde retten til å kjøpe husmanns-plassen Kroken. Johannes Johnsen brukte aviser, politiske kontakter og sakførar for å prøve å få hand om
husmannsplassen han meinte seg urettmessig tvinga til å flytte frå. Denne striden har fått mykje omtale i ulike bøker. Seinast i Sletten Kolloen sin biografi om Tor Jonsson, som kom ut i 1999. Saka har vore framstilt som den fattiges kamp mot bønder og øvrigheit. Striden var enda ikkje avgjort da Johannes Johnsen døydde i 1929.

Skildringa av livet til Anders og kona Marit er bygd på folketeljingar, dag-boka til Anders Johnsen, forteljingar nedskrive på 1950-talet av (Ole) Ola Andersen Kroken, son til Anders, og andre munnlege kjelder.

Slekta til Anders og Marit Anders Johnsen var fødd på Brimi-skjellen i Garmo i 1851. Foreldra til Anders var John Amunds. Brimi-skjellen og Embjørg Andersd. Sæterdalen. Dei var husmenn med jord. John og Embjørg hadde 7 born:
Anders Johns. fødd 1851, busett i Kroken.
Ingrid Johnsd. fødd 1854, gift Være i Trondheim.
Amun Johns. fødd 1858, han vart yrkesmilitær i Stockholm.
Embjørg Johnsd. fødd 1860, gift Wormdal i Trondheim.
Rønnaug Johnsd. fødd 1863.
Gunnhild Johnsd. fødd etter 1865, gift Nilsen i Trondheim.
Ivar Johns. fødd etter 1865, busette seg i Oslo.

Anders skreiv i dagboka si at han vart gift den 7de Juni Aaar 1872. Kona heitte Marit Olsd. Visvolden. Foreldra hennar var Ole Nils Slettvolden og Kari Erlandsd. Dei var husmenn med jord. Ole og Kari hadde desse borna:
Marit Olsd. fødd 1850, gift med Anders Johnsen.
Tvillingsyster Brit Olsd. fødd 1850, gift Brekk.
Rolv Ols. fødd 1852, far til Jørgine Boomer, busett på Slettede.
Erland Ols. fødd 1854, busett Johannesstuen.
Mari Olsd. (Vetlmarit) fødd 1856.
Livø Olsd. fødd 1860, ugift.

Husmenn i Medalen
I 1875 var Anders og Marit inderstar i Aasen i Medalen hjå Eilev Torkjellsson som er 60 år gamal. Dei har nå vorte for-eldre til ein gut som heiter John etter bestefaren på Brimiskjellen. Anders tente da til livets opphald som bygningsarbeidar og dag-arbeidar.

Anders og Marit fekk 8 born. Dette kan vi lese i dag-boka til Anders:
John Andersen født den 11de Mai 1874.
Kari Andersdatter født den 26de Juli 1878 døde den 21 Juli 1924.
Embjør og Maridt Andersdatter født den 26de April 1883.
Rønnog Andersdatter født den 12de Januar 1886.
Ole Andersen født den 1de Februar 1890.
Amun og Hans Andersen født 5de Juni 1894.
Amun dø 27de April 1905 den 5de Mai var begravelsesdagen.

Den 15de Mars i Aaret 1893 reiste John til Amerika, skriv Anders, og den 8de September i 1897 reiste Kari til Amerika.

Dei neste åra reiste både Embjør, Maridt og Rønnog også over til Amerika. Alle dei fem borna slo seg ned og stifta familie der. Kontakten til Norge var heile tida god.

I 1898 flytte familien til Engjum,
som var husmannsbruk under nistugu Glimsdal. Engjum låg inntil Hovde-sætrene, nesten til fjells. Plikta som fylgde husmannen var å kome når husbonden kalla på han. Bestefar hugsa at faren dreiv mykje på slakting om hausten, så det vart da tid til anna enn pliktarbeid. Dei hadde ei ku og nokre sauer på Engjum. Stugu var berre eitt rom. I tillegg var det ei stugu til som berre kunne nyttast om sommaren. Det og eit lite mura fjøs og ein låve der. Familien fekk ta ved i skogen på Glimsdal.

Anders gjekk mykje i fjellet etter rype om vinteren, særleg i Lauvhøe. Han gjekk då fyrst etter rypa så lenge det var «skotljost», da kunne han ha skote ein 5-6 ryper som han fekk 40 øre stykket for. Dette var kjærkomne pengar. På desse turane hadde han med seg kjelke til å frakte med seg ved heim.

Her er kva Anders skreiv i dagboka si dette året:
..i Aaret 1898 var ike føre før Sist i Februar maaned det var en haard vaar det var mange steder Kreaturerne Svaldt næir ijæl Jeg saade det Siste den 8de Juni på Engum.

I Aaret 1899 flyter jeg paa Stigen den vinteren var meget sne og en haard vaar den 18de mai begyndte de vaarøinen det var saa vidt at lauvet spradt til den 1.Juni paa varmeste flækene miten i Juni begynte med varmt veir ualmindeligt varmt i 5 uger lidt kjøligt veir i en maaneds thid varmt og tørt hele tiden det var lidt regn 3 gange hele sommeren lige til den 1de September miten i August begynte de skurøinen.

Anders flytta ofte og trudde kvar gong at han skulle få betre vilkår. I folketellinga frå 1900 finn vi att Anders og Marit på husmannsplassen Sulheimssanden under nedre Sulheim. Han skriv seg no for Anders Johns Øijordet. Dei bur der saman med dei tre yngste barna, Ola på10 år og tvillingane Amun og Hans på 6 år. Hans Taarud og sonen Knud Hans Taarud er inderstar der. Anders har no vorte husmann med jord.

Kroken
I 1905 flytte Anders og Marit til Kroken. Dette var fyrste staden Anders og familien budde som det ikkje fylgde pliktarbeid med. Den sommaren fekk Ola seg arbeid som skyssgut hjå sokneprest Børresen. Han tente 20 kroner.

Den 28. mai 1905 skreiv
sokneprest Børresen:
Anders Johnsen Kroken har idag betalt husleieafgift for Kroken for aaret 1905/1906 med kr 30.00

Den 1. mai 1907 skreiv sokneprest Børresen:
Anders Jonsen Kroken har i dag betalt husleieafgift for Kroken for leieaaret 1906/07 efter 4 % af kjøbesummen for husene med kr 24.00.

Kvitteringar for innbetaling av leigeavgift for åra frå og med 1905 til og med mai 1915 er teke vare på. Etter desse kvitteringane kan det sjå ut som om Anders kjøpte husa i Kroken alt
i 1906 for kr 600.

Ein kan undre seg på kvifor Anders ikkje brukte dette for å hevde sin rett i Kroken i samband med striden med Johannes Johnsen. Han var glad i barn og truleg har han i det lengste teke omsyn til kona og barna til Johannes Johnsen. For Johannes ville ikkje flytte og familien hadde ingen annan stad å gjere av seg før morslekta til Tor Jonsson ordna det som Tor sjølv omtala som «Stuslegstugu».

Husa i Kroken var ei stove med to kleva, fjøs, låve og eit stabbur. Ved og gjerdesmaterialar fekk dei i Prestegardsskogen. Men ikkje materiealar til å vøle husa med, sidan husa var kjøpte og ikkje leigde. Det var ein familie på fire som busette seg i Kroken; Anders, Marit og sønene Ola og Hans på 16 og 12 år. Yngste-guten Amun døydde av strupekreft året før.

To år seinare var dottera Embjør heime i Lom att ein tur. Ola vart med henne over til Amerika.

Hans reiste fyrst i millitærteneste i 1914-1915. Deretter reiste han til Oslo der han budde hjå farbror Ivar Johnsen og tok utdanning innan tømrarfaget. Han kom attende til Lom i byrjinga av 1920-åra og gifta seg med Mari Jakopsd. Øyen. Han kjøpte fyrst Solhaugen på solsida før han kjøpte Øvre Eggen og Trædet i 1933 og slo desse saman. Dette var også husmannsplassar under Prestgarden.

Marit og Anders vart att åleine i Kroken. I 1913 døydde Marit. Anders skriv i dagboka si:

Marit født 2 Mai 1850 døde 6de November 1913 af Slagtilfælde hun livde i 9 timer etter hun faldt ned. Ho var da på besøk oppi Trædet.

I 1914 kom Ola attende til Lom. Han hadde tenkt å ta med faren over til Amerika. Det er fleire årsakar til at dette ikkje vart noko av. Anders ville ikkje flytte frå Kroken og dette var like før 1. verdskrig braut ut og det var vanskeleg å reise. Ola hadde møtt ei jente i Bergen. Han reiste dit att og tok seg arbeid som gardskar på eit sinnssjukehus. I 1919 gifta han seg med jenta som heitte Anna Kristofferd. Gjerde frå Lærdalsøyri. Eldsteguten deira, Arne, vart fødd
i Bergen i 1920.

Ein veit ikkje mykje om kontakta mellom Anders og sønene i Oslo og Bergen. I og med at han hadde god kontakt med familien i Amerika, hadde han nok sikkert også god kontakt med sønene i Norge.

I 1922 kom Ola og den vesle familien til Lom att. Dei ynskte å busetje seg i Kroken saman med Anders som no var 71 år gamal. Men Johannes Johnsen og familien hans, som hadde vore inderstar der i 6 år, nekta å flytte ut. Johannes Johnsen hevda det var han som hadde rett til å få kjøpe Kroken og at det var laga ei skriftleg avtale om dette mellom han, sokneprest Børresen og Anders. Denne avtala har ingen funne. Etter mange år med strid vart Johannes Johnsen og familien henta ut frå Kroken av lensmannen i mai 1924.

Alma Øyjordet vaks opp i grenda.
Ho fortalde at alle ungane i grenda var svært glad i Anders. Dei besøkte han dagleg der han låg i kleva`n. Han var god til å fortelje historiar, han hadde god sangstemme og han hadde alltid brunsukker å spandere.

Barnebarnet, Kaare Kroken, var 14 år då Anders døydde. Han hadde mykje ansvar for pleie av bestefaren sin dei siste åra han levde. Kaare fortalde at då Helseheimen var ferdig, ville dei ha Anders dit for å bade han. Den store, gamle mannen blånekta. Han ville ikkje frå Kroken. Han hengde seg fast i dørkarmen og var heilt umogleg, sa Kaare. Dei bar han på gullstol nedover Krokajordet, bada han og bar han opp bakkane heim att.

Det Kroken som er i dag er det Kaare og kona Jofrid som har bygd opp, både innhus, fjøs og oppdyrking av jord på garden og på Prestsetra.